Innleiande dialog om Hornelen som mogeleg nasjonalpark
Her kan du finne referat og presentasjonar frå den innleiande informasjonsfasen i arbeidet med å greie ut eit mogeleg vern av Hornelen.
I startfasen
Vi er i startfasen av oppdraget, og prioriterer i første omgang å ha dialog med kommunen og grunneigarar, for så å gå breiare ut til næringsliv og interesseorganisasjonar når oppstartmelding er sendt ut.
Informasjon
Til no har vi hatt møte med Bremanger kommune 31. mars 2022, og ein første presentasjon i kommunestyret 16. juni 2022. Etter det låg prosjektet på vent mens vi såg an korleis den allereie vedtatte via ferrataen på Hornelen ville bli utforma. Da det var nokolunde avklart, blei informasjonsmøte om ein eventuell verneprosess for Hornelen halde for grunneigarar og andre brukarar 13. april 2023, og deretter 31. mai og 27. september same år.
Bremanger kommunestyre gav 21. mars 2024 sin aksept til at eit mogleg vern av Hornelen som nasjonalpark kan greiast ut.
Eit framlegg om vern også i sjøen som kom fram på informasjonsmøtet i april 2023 blei lagt fram for Miljødirektoratet, som gav grønt lys «dersom det er ønske om det lokalt». Føremålet vil vere å verne høgdegradienten frå fjelltopp til fjordbotn. Bremanger kommunestyre gav sitt samtykke til å vurdere vern også i sjø 12. september 2024.
Det blei etter dette halde eit informasjonsmøte i Berle 16. oktober 2024 for grunneigarar og andre brukarar om vern av skog i samband med vernearbeidet ved Hornelen. Inkludering av skog i eit eventuelt verneområde må skje gjennom prosessen for frivillig skogvern. Det blei også orientert om kartlegging av artar og naturtypar i området. Etter dette har arbeidet i stor grad vore fokusert på å kartlegge kven som har rettar til skogen i området, der m.a. eit oppmålingsdokument frå 1730 har vore sentralt. Dette har det tatt tid å finne ut av, men etter god hjelp lokalt kunne resultatet leggast fram på eit nytt orienteringasmøte i Berle 28. april 2026.
Fordi alt vern av skog i Noreg må skje gjennom opplegget for frivillig skogvern, må skogeigarorganisasjonane no ta kontakt med grunneigarar og dei som har rett til skogteigar, for å høyre om dei er interesserte i frivillig skogvern. Når vi har fått avklart dette, kan vi sende ut oppstartmelding med eit første framlegg til avgrensing av ein mogleg nasjonalpark.
Referat og presentasjonar ligg til høgre, der du også kan sjå kor langt prosessen har kome og finne dokument som er relevante for dei ulike fasane i saksgangen.
Kontaktpersonar
-
Aslaug Aalen
Tlf: 55 57 20 13 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 -
Tore Larsen
Tlf: 57 64 31 26
Lenkjer
Dokument
- Presentasjon om Hornelen til møte med Bremanger kommune 31.03.2022
- Referat frå møte med Bremanger kommune 31.03.2022
- Presentasjon til kommunestyret i Bremanger 16.06.2022
- Notat til Bremanger kommune om vern av Hornelen, november 2023
- Presentasjon frå informasjonsmøte Berle 13.04.2023
- Referat frå infomøte i Berle 13.04.2023
- Invitasjon til møte om Hornelen, Berle 31.5.2023.pdf
- Invitasjon til oppsummerande møte om mogleg nasjonalpark ved Hornelen, Berle 27.9.2023.pdf
- Presentasjon frå møte med gjennomgang av spørsmål, Berle 27.9.23.pdf
- Brev med orientering om frivillig skogvern i samband med utgreiinga av ein mogleg Hornelen nasjonalpark, 140724.pdf
- Invitasjon til møte om vern av skogareal i samband med Hornelen nasjonalpark, Berle 16.10.2024.pdf
- Presentasjon frå møte om eigarstruktur og skog, 16.10.24
- Invitasjon til møte om vern av skogareal i samband med ein mogleg Hornelen nasjonalpark.pdf
- Presentasjon frå møte i Berle 28.4.26.pdf
- Referat grunneigarmøte Berle 28042026.pdf
- Metodeskildring, rekonstruksjon av skogteigar i Storelia.pdf
- Kart med forslag til rekonstruksjon av skogteigar i Storelia.jpg
- Kart med forslag til rekonstruksjon av skogteigar i Berlepollen.jpg