Forvaltningsplanen for Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde er klar
Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde i Alver og Austrheim kommunar vart verna i juni 2020 som fylkets første marine verneområde. Dei siste åra har vi jobba med å lage forvaltningsplan for området, og no er den klar til bruk.
Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde dekker eit sjøareal på om lag 70 kvadratkilometer i kommunane Alver og Austrheim. Etter ein open prosess med innspel frå både lokale og nasjonale aktørar, ligg no planen klar til bruk som ein rettleiar for både styresmakter, næringsliv og privatpersonar. Planen skal sikre at det unike fjordsystemet vert forvalta på ein heilskapleg måte framover.
Kvifor er Lurefjorden og Lindåsosane verna?
Bakgrunnen for det marine vernet, som vart formelt vedteke i statsråd i juni 2020, er dei særlege naturverdiane i området. Fjordsystemet er prega av eit økologisk særpreg med naturleg lågt oksygeninnhald på djupet, noko som gjev livsgrunnlag for spesielle artar som den djuptlevande kronemaneten Periphylla periphylla og ishavsåte.
Området husar også ei genetisk unik lokal sildestamme i Lindåsosane. Målsetjinga med vernet er å halde desse verdiane utan større ytre påverknad, samstundes som fjorden skal tene som eit viktig referanseområde for forsking og miljøovervaking.
Ein open og grundig planprosess
Arbeidet med sjølve forvaltningsplanen starta vinteren 2022. Statsforvaltaren har lagt stor vekt på at dette skal vere ein open prosess. Totalt har det kome inn 24 innspel frå 18 ulike aktørar gjennom oppstartsfasen og høyringsrunden.
Innspel frå kommunane, fiskeriinteresser, miljøorganisasjonar og lokalt næringsliv har vore med på å forme retningslinjene i planen. Etter innspela er det mellom anna er det lagt inn definisjonar av faguttrykk og grundige skildringar av kulturminne som Lindås sjøsluser og historiske buplassar frå steinalderen.
Kva betyr planen for framtida?
Sjølv om det er verneforskrifta som set rammene, er forvaltningsplanen det praktiske verktøyet som forklarer kva som er lov og korleis ein kan søkje om dispensasjon. Planen inneber ikkje nye restriksjonar, men utdjupar korleis eksisterande reglar skal praktiserast.
Framover betyr planen mellom anna:
- Strenge krav til utslepp: Sidan fjorden er ein sårbar resipient med dårleg vassutskifting, vert det stilt høge krav til reinsing ved nye utslepp.
- Prioritert kartlegging: Forvaltningsplanen inkluderer ein tiltaksplan der kartlegging av sårbar natur som korallrev, ålegrasenger og tidevasstraumar er høgt prioritert.
- Klarare grenser: Planen tydeleggjer at det marine vernet i hovudsak startar på to meters djup under sjøkartnull, noko som gjev føreseielege rammer for private eigarar langs land.
Forvaltningsplanen vert eit dokument det er naturleg å revidere med jamne mellomrom, slik at ny kunnskap det biologiske mangfaldet i Lurefjorden stadig vert teke inn i forvaltninga.
Sjå til høgre under Dokument for forvaltningsplanen (i pdf-format), for kartvedlegg, merknadshefte og alle innkomne innspel i forvaltningsplanprosessen. Til høgre under Lenker kan du få direkte tilgang til den digitale forvaltningsplanen i Miljødirektoratet sin FPNV-database (same tekst som i pdf-en).