20-årsjubileum for Vestnorsk fjordlandskap som verdsarvområde

Bøndene, her representert ved Bjørn Henning Hov, får skryt av sin innsats frå miljøvernsjef Aslaug Aalen.
Bøndene, her representert ved Bjørn Henning Hov, får skryt for innsatsen frå miljøvernsjef hjå Statsforvaltaren i Vestland Aslaug Aalen. Foto: Bjørn Ståle Vike.

26. juni markerte Nærøyfjorden verneområdestyre jubileet med eit arrangement på garden Styvi.

Publisert 30.06.2025

Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet vart skrive inn på UNESCO si verdsarvliste 14. juli 2005. Områda har "Enestående universell verdi for menneskeheten", og omfattar verda si mest verdfulle kultur- og naturarv. Statsforvaltar Liv Signe Navarsete og fylkesvaraordførar Stian Davies var blant dei som deltok på jubileet. 

 – Verdsarvstatusen har vore ein stor suksess, sa Kjell Bø Bjørgum, ordførar i Aurland kommune, leiar i verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap, og styreleiar i Nærøyfjorden verneområdestyre.

– Statusen har ført til vekst i reiselivet, og ikkje minst, at det framleis er aktivt landbruk i grendene våre. Me ser ei tydlege auke i folketalsutviklinga i Aurland komme i dei siste 10–15 åra, og det meiner eg er verdsarvstatusen å takka, sa Bjørgum.

Gardsbesøk og bygdevanding

Jubileet vart markert i samband med Nærøyfjorden verneområdestyre sitt styremøte 25. og 26. juni. Det var gardsbesøk og bygdevandring i Undredal, og tur til slåttemarkene på Stokko. På Styvi vart det talar og historisk tilbakeblikk, med omvisning på Styvi gardsmuseum og vandring på den historiske Postvegen som går mellom Bleiklindi og Styvi.

Deltakarane på markeringa fekk oppleve vakker natur, aktive geologiske prosessar og levande jordbrukslandskap med matproduksjon.

Takka verdsarvbøndene og bygdefolket

Alle som deltok skrytte av verdsarvbøndene og trakk fram arbeidet dei gjer. Det er kanskje den viktigaste faktoren for at verdsarvområdet vert halde i hevd og har den høge kvaliteten som UNESCO set krav om for verdsarvlista si.

Ein annan viktig grunn til at verdsarvstatusen er ei suksesshistorie, er det gode og omfattande samarbeidet mellom alle aktøra; fylkeskommunane, Statsforvalteren, Miljødirektoratet, Riksantikvaren, kommunane, verneområdeforvaltninga, Nærøyfjorden verdsarvpark, frivillige lag og organisasjonar, og ikkje minst bygdefolket og bøndene.

Garden Styvi med velstelte bøar.
Garden Styvi med velstelte bøar. Foto: Magnhild Aspevik.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.