Kartlegging av naturtypar i Vestland

Artsrik slåttemark er ein av naturtypane som er aktuelle for kartlegging. Naturtypen har blitt eit sjeldant syn, og er vurdert som kritisk truga (Norsk rødliste for naturtyper - Artsdatabanken 2018).
Artsrik slåttemark er ein av naturtypane som er aktuelle for kartlegging. Naturtypen har blitt eit sjeldant syn, og er vurdert som kritisk truga (Norsk rødliste for naturtyper - Artsdatabanken 2018). Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Olav Overvoll.

Utover sommaren og hausten blir det på oppdrag frå Miljødirektoratet gjennomført kartlegging av naturtypar i delar av Sunnfjord, Sogndal, Luster og Øygarden kommunar. Kartlegginga er ei langsiktig, nasjonal satsing for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.05.2021

Kvifor kartlegg vi naturtypar?

Målet med kartlegginga er å få på plass god, kartfesta informasjon om naturen til bruk i mellom anna arealforvalting. Ved at stadfesta informasjon om natur er tilgjengeleg tidleg i ein arealplanprosess vil dette kunne bidra til at det blir lettare å ta omsyn til naturen, i tillegg til å bidra til meir effektivitet og føreseielegheit i prosessane. Kartlegginga kan òg vere nyttig for grunneigarar som ønskjer å søke om tilskot til tiltak for truga natur og kulturlandskapet.

Kva skal kartleggast?

Statsforvaltaren har, på oppdrag frå Miljødirektoratet, foreslått område for kartlegging av naturtypar i 2021. Det er mellom anna lagt vekt på område der ein trur det kan finnast truga eller sjeldne naturtypar, og område med stort utbyggingspress. Miljødirektoratet har brukt forslaga frå Statsforvaltaren som grunnlag for prioritering av område for kartlegging.

Kartlegginga skjer etter NiN-systemet (Natur i Norge), eit standardisert system for kartlegging av natur i Norge. Miljødirektoratet har vurdert 111 naturtypar som særleg viktige for naturmangfaldet og som derfor skal kartleggast. Dei fleste av desse er raudlista i Norge, medan andre er viktige leveområde for truga og nær truga artar.

Kartlegging i Vestland i 2021

Det skal kartleggast område i fire kommunar i Vestland i år (sjå lenke til kart i høgremenyen):

Kommune Lokalitet Merknad
Luster Hafslo, nord for Hafslovatnet  Rekartlegging
Sogndal Området mellom Hermansverk og Hella Rekartlegging
Sogndal  Området Kjørnes - Kaupanger - Amla Førstegangskartlegging etter NiN-systemet
Sunnfjord Nord for Bringeland Rekartlegging
Sunnfjord Masdalsgjerdet Rekartlegging
Øygarden Nordre del av kommunen frå og med Rongøyna til og med Seløyna Førstegangskartlegging etter NiN-systemet

 

Området Kjørnes - Kaupanger - Amla i Sogndal kommune, og nordleg del av Øygarden kommune blir kartlagt for første gong etter NiN-systemet. Dei andre områda er kartlagt tidlegare (2017), men skal kartleggast på nytt etter revidert metodikk. 

Ansvarlege for den praktiske kartlegginga i Vestland er Miljøfaglig Utredning AS. Resultata frå kartlegginga vil etter kvart bli allment tilgjengelege i Naturbase våren 2022.

Ferdsel på innmark

All ferdsel i samband med kartlegginga vil skje i tråd med friluftslova sine reglar om ferdsel og god ferdselskultur.

Der det skal undersøkast område på innmark, til dømes beitemark eller gammal slåttemark, vil det vere behov for ferdsel på innmark. Om det er spesielle omsyn som må takast i samband med slik ferdsel, eller du ikkje gir samtykke til ferdsel på di innmark eller av uttak av små mengder plantemateriale for identifisering, kan du ta kontakt med Statsforvaltaren før kartlegginga startar opp.

Kartlegging i verneområde

Heile eller delar av nokre verneområde blir òg kartlagt i 2021:

  • Bødalssætra i Jostedalsbreen nasjonalpark, Stryn kommune
  • Indre Erdalen i Jostedalsbreen nasjonalpark, Stryn kommune
  • Finnen - Finnabotnen i Stølsheimen landskapsvernområde, Vik kommune
  • Knoken - Skalmenes i Nærøyfjorden landskapsvernområde, Aurland kommune

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.