Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø -nytt kaianlegg – Ljøsøyna i Øygarden kommune - Northern Lights JV DA Avd Rong
Statsforvaltaren gav 6. oktober 2025 løyve til Northern Lights JV DA Avd Rong til anleggsarbeid i sjø. Formålet er å etablere seglingsdjupne for nytt kaianlegg.
Equinor har etablert eit landanlegg for mottak og mellomlagring av CO₂ ved Energiparken, sør på Ljøsøyna i Øygarden kommune. Som ein del av fase 2 av prosjektet skal det etablerast eit nytt kaianlegg ut mot Hjeltefjorden, aust for landanlegget. Kaianlegget skal huse utstyr for å ta imot CO₂ frå skip via tre lastearmer som er plasserte ved fronten av kaien.
Statsforvaltar har gjeve løyve etter forureiningslova med vilkår for utføring av anleggsarbeida i sjø.
Søknad og løyve med vilkår ligg til høgre på denne sida.
Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan fire veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2020/8821.
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35