Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg ved lokalitet Kyravika i Fjaler kommune

Mowi Seawater Norway AS har  7. november 2025  fått løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av matfisk av laksefisk på lokaliteten Kyravika i Fjaler kommune. Det er gjeve løyve til ein produksjon på inntil 4680 tonn maksimalt tillaten biomasse (MTB), med vilkår om overvaking av sårbar natur.

Publisert 14.11.2025

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova, og vurdert han etter naturvern-, friluftslivs-, vilt-, lakse- og innlandsfiskinteresser og naturmangfaldlova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova. Brev med vurdering av saka og løyve med vilkår ligg på www.norskeutslipp.no. 

Rett til å klage 

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.