Ingen ulovleg bruk av PFAS-haldig skum ved undersøkte brannøvingsfelt i Vestland

Statsforvaltaren gjennomførte i haust tilsyn ved ulike brannøvingsplassar, som del av ein landsdekkande aksjon. Føremålet var å kontrollere om brannøvingsplassane overheld relevant regelverk og at det ikkje går føre seg ulovleg utslepp av perfluorerte stoff.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.11.2022
Statsforvaltaren i Vestland har gjennomført fem tilsyn ved brannøvingsplassar i 2022.
Statsforvaltaren i Vestland har gjennomført fem tilsyn ved brannøvingsplassar i 2022. Foto: Pixabay.

Tilsyna blei gjennomført på oppdrag av Miljødirektoratet, og brannøvingsplassar over heile landet blei kontrollert. Fire kommunale brannvesen og ein privat aktør var inkludert i aksjonen frå Vestland. Rapportane frå tilsyna av kommunane Bjørnafjorden, Sunnfjord, Tysnes og Ullensvang, samt RelyOn Nutec Norway avd. Bergen ligg vedlagt i denne saka. 

Brannskum vert rekna som den største enkeltkjelda til PFAS

PFAS kan bli spreidd over store område via bekkar, elver og reinseanlegg i samband med brannsløkking. Brannskum vert rekna som den største enkeltkjelda til utslepp av PFAS til ytre miljø, grunna manglande oppsamling og reinsing av sløkkevatn.

Tidlegare undersøkingar har vist at mange aktive og nedlagde brannøvingsplassar er forureina med PFAS.

Lite bruk av skum til brannøving

Tilsyna viste at det i dag er generelt  lite bruk av skum til brannøving ved dei undersøkte brannøvingsfelta. Ingen av brannøvingsfelta bruker PFAS-haldig skum til sløkking, verken til øving eller ved faktiske hendingar. 

Når alle resultata frå den landsdekkande aksjonen er klar, vil Miljødirektoratet samanfatte desse i ei nyhendesak. Resultat frå tilsyn i andre fylke vil gå fram av denne oppsummeringa.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Kva er PFAS?

Perfluorerte stoff (PFAS) er syntetiske stoff. Fleire av dei tek lang tid å bryte ned i naturen, dei hopar seg opp i kroppen og dei kan vere helseskadelege. Nokre typar brannskum som vert brukt til å sløkke brann i flytande brennstoff (til dømes oljer, plast og alkohol) og gass inneheld PFAS.

Les meir om PFAS på miljøstatus.no.