Uendra fisketid etter laks og sjøaure i 2020

Det er ikkje planlagt å endre fisketida etter laks og sjøaure i Vestland for fiskesesongen 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.04.2020

Miljødirektoratet har sendt ut forslag til endring for fisketider i sjø og vassdrag for årets sesong på høyring.

I forslaget er det lagt opp til ei endring av fisketidene i Vestland i år; stenging av Flåmselvi. I praksis er dette ingen endring, sidan det ikkje har vore fiska i vassdraget på mange år. 

Frist for å komme med fråsegn til høyringa er 8. mai. Høyringsdokument og skjema for fråsegn finn du her.

Fangstrapportering

Vi minner om at vassdrag som ikkje leverer fangstrapport vert stengt/ikkje opna frå 2021. Om de som fiskerettshavarar ønskjer å ha fiske etter laks og sjøaure i vassdraget frå 2021, må de levere fangstrapport.