Nye fiskereglar for fiske av laks og sjøaure i vassdrag og sjø er vedtatt

Åelva i Gloppen kommune. Eit av vassdraga som har fått endra fisketid i den nye forskrifta.
Åelva i Gloppen kommune. Eit av vassdraga som har fått endra fisketid i den nye forskrifta. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Miljødirektoratet har vedteke nye forskrifter. Mange vassdrag i Vestland blir no stengt for fiske, og det blir ikkje lengre opna for sjølaksefiske på kysten sør for Finnmark.

Publisert 25.03.2021

For at det skal vere lov å fiske laks og sjøaure i vassdrag, må det vere opna for det i forskrift. Det same gjeld for fiske etter laksefisk med fastståande reiskap i sjø. Kvart 4. - 5. år vert forskriftene for fiske i vassdrag og sjø revidert. Dei nye forskriftene for fiske i sjø og vassdrag er no vedtatt. 

Vassdrag

I Vestland er om lag 90 vassdrag med manglande fangstrapportering blitt stengt for fiske i den nye nasjonale forskrifta for fiske i vassdrag. I tillegg er det gjort endringar i fisketid og/eller kvoter i 31 vassdrag. 

Sjø

Det blir ikkje lenger opna for fiske med fastståande reiskap på kysten av Noreg sør for Finnmark, og fisket i utvida sesong er avvikla. 

Meir om dei nye fiskereglane finn du hjå Miljødirektoratet.