Innfører fisketid i fredingssoner i Hordaland

Grunna til dels særs høge nivå av lakselus på sjøaure i Hordaland i år, innfører Statsforvaltaren fisketid på laks og sjøaure i fredingssonene i Hordaland. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.06.2021

Fiske etter anadrom laksefisk i fredingssoner, har inntil nyleg følgt fisketida til sjøaure i vassdraget som renn ut i fredingssona. Etter ei endring i den nasjonale forskrifta om fiske etter anadrom laksefisk i sjøen, er det no lov å fiske etter anadrom laksefisk i fredingssonene i Hordaland heile året.

Ekstraordinær situasjon

På grunn av den ekstraordinære situasjonen med mykje prematurt tilbakevandra sjøaure, ser vi trong for å regulere fisket i fredingssonene i Hordaland. Dette for å unngå å auke den potensielt negative effekten lakselus kan få på stammer av sjøaure i Hordaland. Når mykje aure vandrar prematurt tilbake til brakkvassonene, fører det til at ein større mengde aure er lettare tilgjengeleg for fiske. Dette kan òg vere fisk som er sterkt prega, og ikkje vil handtere ytterlegare stress ved fiske og eventuell gjenutsetting bra.

Fisketid etter laks og sjøaure i fredingssoner

Å innføre fisketid for laks og sjøaure i fredingssoner i Hordaland, er etter vårt syn naudsynt, særleg av omsyn til sjøauren. Fisketida vil i liten grad endre tilgangen til fiske etter laksefisk for ålmenta. Inntil no nyleg har dette vore dei gjeldande reglane. Det vil framleis vere lov å fiske etter marine artar. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.