Har du fått laks, sjøaure eller pukkellaks i sjøen?

Fritidsfiske i sjø er ope og gratis for alle, men hugs å setje deg inn i gjeldande reglar før du drar ut! Og får du anadrom laksefisk, kan du rapportere fangsten på nettløysinga stangfiske i sjø.
Fritidsfiske i sjø er ope og gratis for alle, men hugs å setje deg inn i gjeldande reglar før du drar ut! Og får du anadrom laksefisk, kan du rapportere fangsten på nettløysinga stangfiske i sjø. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Gry Walle.

Har du fått laks, sjøaure, pukkellaks eller regnbogeaure på stongfisket i sjøen? Då kan du rapportere fangsten inn på ei nettbasert rapporteringsløysing - di fangstdagbok på nett. 

Publisert 12.07.2021

Alle som har fiska laksefisk skal levere fangstrapport. Fiskar du i vassdrag skal rapporten levarast til fiskerettshavarlaget - dei du kjøpte fiskekort av. Fiskar du med stong i sjøen og får laksefisk, kan du levere rapporten din på nettløysinga Stangfiske i sjø

Fangstdagbok på nett

Miljødirektoratet har laga nettløysinga Stangfiske i sjø for rapportering av laks, sjøaure, pukkellaks og regnbogeaure tatt på stong i sjø. 

Stangfiske i sjø kan du rapportere art, storleik, kvar og når fisken er tatt. Data frå fangstrapporteringane vil bidra til å auke kunnskapsgrunnlaget, og vert nytta av forvaltinga. 

Fiskereglar for stongfiske i sjø

I munningsfredingssonen i Vestland, er det berre lov å fiske etter laks og sjøaure i den tida vassdraget som renn ut i munningsfredingssona er ope for fiske etter sjøaure. I Sogn og Fjordane er det ikkje lov å fiske etter anadrom fisk frå båt i munningsfredingssonene, og berre lov å fiske etter marin fisk frå båt i fart i desse sonene i perioden 1. oktober til og med 1. mars. I Hordaland er det ikkje lov å fiske frå båt nærare enn 100 meter frå elvemunning (grense elv - sjø)

Meir om fiskereglar i sjø finn du her