Kontroll av anlegg som handterer EE-avfall

Ulovleg handtering av EE-avfall er særskilt nemnd i Stortingsmelding 19 om miljøkriminalitet (2019-2020). Denne aksjonen er ein del av arbeidet med å forsterke kontroll- og anmeldingspraksis ovanfor aktørar omfatta av regelverket for EE-avfall.
Ulovleg handtering av EE-avfall er særskilt nemnd i Stortingsmelding 19 om miljøkriminalitet (2019-2020). Denne aksjonen er ein del av arbeidet med å forsterke kontroll- og anmeldingspraksis ovanfor aktørar omfatta av regelverket for EE-avfall. Foto: Statsforvaltaren i Vestland / Statsforvaltaren i Vestland.

For tida gjennomfører Statsforvaltaren tilsyn med anlegg for EE- og metallavfall, for å sjå om EE-avfall vert handtert ulovleg. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.10.2021

I tilsynsaksjonen skal vi kontrollere om elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) blir sortert frå anna avfall og handtert riktig. EE-avfall skal handterast separat frå anna avfall for å sikre at farlege stoff blir fjerna og handtert forsvarleg. Resten av materiala i EE-avfallet blir i stor grad materialgjenvunne for å utnytte ressursane. 

Uforsvarleg og ulovleg handtering av EE-avfall kan føre til fare for helse og miljøskade, og gje ein konkurranseskilnad for verksemder som følger regelverket og handterer avfallet på ein riktig og miljømessig god måte.

Tilsyna er del av ein landsdekkande tilsynsaksjon som er leia av Miljødirektoratet og vil bli gjennomført i veke 41-45.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.