Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Mange avfallsanlegg har auka merksemd på brannrisiko

 Det er ikkje uvanleg med branntilløp i avfallsanlegg, men heldigvis klarar ein oftast å sløkke desse tilløpa. Det er ikkje alltid ein klarar finne ut av kva som starta brannen, men dei gongane ein finn årsaka viser det seg ofte at det er eit litiumbatteri som er utløysande faktor. Det er difor viktig å sortere batteri riktig for å unngå brannar.
Det er ikkje uvanleg med branntilløp i avfallsanlegg, men heldigvis klarar ein oftast å sløkke desse tilløpa. Det er ikkje alltid ein klarar finne ut av kva som starta brannen, men dei gongane ein finn årsaka viser det seg ofte at det er eit litiumbatteri som er utløysande faktor. Det er difor viktig å sortere batteri riktig for å unngå brannar.

Saman med brann- og redningsetaten gjennomførte vi 14 tilsyn på avfallsanlegg i oktober 2020. Dei fleste anlegga hadde vurdert brann- og påfølgande miljørisiko, men fleire anlegg hadde manglar ved sine vurderingar. 

Publisert 11.02.2021

Tema for tilsyna

Føremålet med tilsynsaksjonen var å kontrollere at avfallsanlegga arbeider forsvarleg med brannførebyggande arbeid. Førebyggande arbeid er nødvendig for å hindre at brannar skjer og for å redusere miljøpåverknaden dersom brann først oppstår. Tilsynsaksjonen vart gjennomført for å gje auka merksemd kring kva som startar brann og kva tiltak avfallsanlegga kan gjere for å redusere tal brannar. 

 

Tilsynsetatane samarbeider

Tilsyna i Vestland var ein del av ein større nasjonalt organisert tilsynsaksjon tilrettelagt av Miljødirektoratet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Lokalt brann- og redningsvesen og vi gjennomførte tilsyna ilag. 

 

Litiumbatteri er ein versting

Det er ikkje uvanleg med branntilløp i avfallsanlegg, men heldigvis klarar ein oftast å sløkke desse tilløpa. Det er ikkje alltid ein klarar finne ut av kva som var den utløysande faktoren, men dei gongane ein finn årsaka viser det seg ofte at det er eit litiumbatteri som er utløysande faktor. 

 

Kor finn vi litiumbatteri?

Litiumbatteri kan ein til dømes finne i bursdagskort. Om ein ikkje tek ut batteriet før ein kastar kortet, er det lett for at det hamnar saman med kortet i papiravfallet. Litiumbatteri kan også følge med i barneleikar og småelektronikk når det vert kasta. Batteri er farleg avfall og skal leverast som det. Det er viktig å sortere avfallet heime slik at avfallsanlegget lettare kan handtere avfallet på ein god og trygg måte. Alle batteri kan leverast gratis til butikkar som selger same type batteri, uavhengig av merke, eller til næraste gjennvinningsstasjon.

 

RISE-rapporten omtaler oppdatert kunnskap og god praksis

Avfallsanlegg må legge oppdatert kunnskap til grunn i sitt risikoarbeid. RISE-rapporten samanstiller den mest oppdaterte kunnskapen om brannar i avfallsanlegg, og tilrådingane kan reknast som beste praksis. Når ein skal vurdere om lagringa er brannsikker er det difor RISE-rapporten ein må vurdere seg opp mot. I RISE-rapporten vert litiumbatteri vurdert som avfall med høg brannrisiko, både som sortert EE-fraksjon og som usortert avfall, og risikovurderinga må derfor omfatte vurdering av særskilte forhold ved handtering av denne fraksjonen.

 

Målet er å redusere tal brannar i avfallsanlegg 

Intensjonen med tilsynsaksjonen var å auke fokus på brannførebygging i avfallsanlegg. Sjølv om ein kanskje skulle tru det, er ikkje farleg avfall vurdert å være høgrisikoavfall når det gjeld brann. Ei forklaring til dette er at avfallsanlegg har gjort ei rekke førebyggande tiltak for å redusere sannsynet for brann i farleg avfall. Ved fokus på brannførebygging, og tiltak for å redusere branntilløp, kan ein på sikt få ned tal brannar i avfallsanlegg.