Gode tilskot for å få gjødsla raskt i jorda

Nedfelling/nedlegging av husdyrgjødsla er gunstig for både klimaet, bonden og grasveksten. Gevinsten er ekstra stor ved bruk av tilførselsslange. Gode tilskot sikrar god økonomi.

Publisert 15.04.2021

Før ein skal i gang med vårgjødslinga bør ein setje seg inn i tilskotsordningane og vurdere om ein vil søkje desse tilskota frå regionalt miljøprogram (RMP) i Vestland fylke.

Med tilskot frå regionalt miljøprogram kan det vere god økonomi i å bruke stripespreiar med slepeslange, ikkje berre på store, flate teigar.  Effekten er redusert jordpakking og mindre tap av næringsstoff til luft og vassdrag.
Med tilskot frå regionalt miljøprogram kan det vere god økonomi i å bruke stripespreiar med slepeslange, ikkje berre på store, flate teigar. Effekten er redusert jordpakking og mindre tap av næringsstoff til luft og vassdrag. Foto: Altifilm / landbrukskontoret i Alver.

Stripespreiing med slepeslange

Til dagleg blir nedlegging gjerne kalla stripespreiing, eller spreiing med blekksprut. Gjødsla blir lagt i striper rett ned på bakken. Dermed hamnar gjødsla på rett plass, og nitrogenet blir ikkje tapt til lufta. Bruk av tilførselsslange eller slepeslange blir kalla slangespreiing. Gjødsla blir pumpa direkte frå lager eller tank til spreiaren på traktoren, gjennom ein slange som blir slept etter traktoren. Slangespreiing reduserer jordpakkinga vesentleg i høve til bruk av vogn.

Tilskotsordningane inkluderer òg nedfelling, der gjødsla blir plassert ned i jorda med DGI eller andre metodar. Det er ikkje tilskot til tilførsleslange eller gyllerøyr i kombinasjon med andre spreiemetodar enn nedlegging og nedfelling.

Smart med slange

Dersom ein skal kjøpe utstyr, løner det seg å kjøpe tilførselsslange samstundes, då både tilskotet og den agronomiske gevinsten er mykje høgare ved bruk av slange. Dersom ein berre søkjer tilskot til nedfelling / nedlegging, kan ein få utbetalt inntil kr 5 000 (50kr/daa for inntil 100 daa). Dersom nedfellinga/nedlegginga blir utført med slangespreiing, kan ein i tillegg få kr 25 000 (250kr/daa for inntil 100 daa). I søknadsskjemaet må ein då hugse å søkje om TO tilskot: Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging OG Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med tilførselslange/slepeslange.

Når gjødsla blir pumpa direkte til spreiaren på traktoren unngår ein køyring med tung vogn på bakkane. Det kan vere lettare å «komme utpå» og gjennomføre gjødslinga. Redusert jordpakking er viktig både for god grasvekst og for å utnytte gjødsla, slik at utslepp til luft og vatn blir redusert. Det er ekstra høgt tilskot til slangespreiing for å stimulere til å få desse gode miljøeffektane på mest mogleg av jordbruksarealet i fylket.

Mellomlager og andre løysingar

Dersom ein kan bruke tilførselsslange sparar ein òg mykje tid på gjødseltransport i samband med spreiinga. For å leggje til rette for slangespreiing lengre vekke frå fjøset kan ein vurdere mellomlager. Dette kan vere bruk av gamle og tette gjødsellager på andre garder eller eit nytt gjødsellager som blir bygd nær leigejorda. Ein kan òg få til god logistikk med tankbil, flyttbar konteinar eller med traktor som køyrer og etterfyller tankvogn ved teigen mens slangespreiaren går på jordet. Nedgravne røyr fram til påkoplingspunkt kan òg vere aktuelt.

Eigna også for mindre bruk - leigekøyring og felles innkjøp av spreieutstyr

Ein kan leige gjødselspreiinga, og dermed sleppe å investere i utstyret sjølv. Føretaket som disponerer (eig eller leiger) jorda kan søkje om tilskotet uavhengig av kven som utfører gjødslinga. På det arealet som ein søkjer tilskot for må alle gjødslingane gjennom sesongen vere utført ved nedfelling eller nedlegging. Spleising på innkjøp av utstyr er eit anna alternativ. Moglegheit for leigekøyring kan gi større inntening for den som har investert.

Vidare er tilskotssatsane utforma slik at ein ikkje må spreie gjødsel på fleire hundrede dekar for å få fullt tilskot. Satsen er heller høgare for alle, og ein får ikkje tilskot for spreiing på meir enn 100 daa fulldyrka og overflatedyrka jord. Tilskotsordninga gjer at spreiemetodene blir aktuelle også der ein gjerne ikkje ville tru at det var godt eigna, til dømes på mindre teigar og der det er behov for tilrettelegging. Nokre typar av nedleggingsutstyr og slepeslangar kan brukast i hellande og til dels bratt terreng, så lenge det er greitt å køyre og snu med breidda på utstyret.

Alle vilkåra for tilskotsordningane er omtalt i nettsakene om RMP-tilskota, sjå lenker i høgre marg.