Fordeling av klima- og miljømidlar 2021

Midlane til fylkesvise prosjekt i Vestland frå Klima- og miljøprogrammet er fordelte for 2021. Prosjekt som styrkar kunnskapsgrunnlaget om klimavennleg driftspraksis vart prioriterte.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.09.2021

Statsforvaltararen tildeler  kvart år ein sum til praktisk retta utgreiings- og informasjonsprosjekt som fører til auka kunnskap om utfordringar og tiltak innan temaa klimagassutslepp, klimatilpassing, vassmiljø og kulturlandskap. Prosjekta skal medverke til god kunnskapsoverføring frå forsking til praktisk jordbruk og gje oppdatert rådgiving til næringa. Forskings- og utgreiingsinstitusjonar og fag- og næringsorganisasjonar kan søkje om støtte.

I år fekk Statsforvaltaren 11 søknadar med eit samla søknadsbeløp på 1,8 mill. kroner. Av desse vart ni søknadar prioriterte for tilskot. Tilskota ligg i spennet mellom 19 000 og 175 000 kroner, og utgjer til saman 1 mill. kroner. Prosjekta som fekk tilskot representerer fagområde som reduksjon av klimagassutslepp, kurs og utprøving av verktøy knytt til klimakalkulatoren, god agronomi, utprøving av organiske gjødselslag og tiltak mot landbruksplast.

Desse prosjekta har fått støtte:

Prosjekt Søkjar
Nitrogeneffektivitet ved miljøriktig bruk av husdyr-gjødsel til eng (Kort: Husdyrgjødsel og N-effektivitet) NIBIO Fureneset
Kurs i fornybar energi for gårdbrukere Det Kongelige Selskap for Norges Vel
Innføringskurs i klimakalkulator Norges Bondelag
Utprøving av klimakalkulatoren i potet Norsk landbruks-rådgiving Vest
Kunnskap om organiske gjødselslag og jordforbetringsmiddel Norsk landbruks-rådgiving Vest
Vestlandsbonden - Ein NLR Vest-podkast Norsk landbruks-rådgiving Vest

Forum landbruksplast

Bioregion Institute AS
Betre agronomisk drift og reduserte klimagassutslepp frå drenert myrjord NIBIO Fureneset
Redusert klimaavtrykk frå Vestlandsjordbruket Norges Bondelag

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.