Auka stimulering til slått av bratt areal

Jordbrukslandskap, Utvik Foto: SFVL.

Alle føretak som slår bratt areal til fôr kan søke om ekstra tilskot. Tilskotet skal kompensere for meirarbeidet med å hauste dette arealet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.07.2021

Bratt grovfôrareal er ofte det grasarealet som er mest utsett for å gå ut av drift og gro att. Statsforvaltaren aukar difor tilskotet til drift av bratt grovfôrareal og minner om at alle jordbruksføretak som slår og haustar bratt areal til fôr, kan søke om tilskot.

Tidlegare var det berre dei som hadde meir enn 50 % bratt slåtteareal som kunne søke om tilskotet. Dette kravet er vekke, og det er no tilskot for alt bratt areal som vert slått og hausta som fôr. Det er nok diverre ikkje alle som er klare over denne endringa, og at dei no kan søke om tilskotet.

Som ein konsekvens av rasjonalisering og effektivisering vert ofte ytterkantar og brattare parti sett att når ein haustar graset. Med dette kan jordbruksareal gå ut av drift og gro att. Gevinsten for å slå i brattare terreng er no auka, og håpet er at meir bratt areal skal bli slått – også på føretak der det bratte arealet berre utgjer ein liten del.

Å slå det brattaste arealet er ikkje berre arbeidskrevjande, det kan og vera farleg. Det er avgjerande at køyreforhold, reiskap og køyre- og slåtteferdigheiter er tilfredsstillande med tanke på denne type terreng. Bonden må lesa terrenget og marka, og bonden må vere røynd med å slå i bratta.

Tilskot til drift av bratt areal blir gitt gjennom regionale miljøtilskot som vert forvalta av Statsforvaltaren. Søknadstala syner ein nedgang frå 2019 til 2020 på 4,53 prosent for slått av bratt grovfôrareal i Vestland, trass i at tilskot til drift av bratt areal har vore ei prioritert satsing over lengre tid. Det bratte jordbruksarealet utgjer ein vesentleg del av vestlandslandbruket. Det er såleis viktig for matproduksjon, men og for det opne kulturlandskapet, det tilgrensande plante- og dyrelivet, for spreidd busetnad og levande bygder. Det bratte jordbruksarealet er ekstra synleg i landskapet, og det er såleis og viktig for reiselivet og opplevinga av kulturlandskapet. Drifta av det bratte arealet gjev mange positive ringverknader for kringliggjande miljø- og kulturlandskapsverdiar.

Regionale miljøtilskot, som tilskot til drift av bratt areal er ein del av, omhandlar tilskot til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, skjøtsel av biologisk mangfald og kulturminne, miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel, og klimarådgjeving. Tilskota skal stimulere til miljøvennlege driftsformer og produksjon av miljøgode for samfunnet. Dei er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til føretak med landbruksproduksjon som oppfyller visse vilkår. Omtale av dei regionale miljøtilskota i Vestland og søknadsskjema finn du her. Søknadsomgangen opnar 15. september, og søknadsfristen er 15. oktober.

Tilskot Førebels sats 2020 Førebels sats 2021

Drift av bratt grovfôrareal med hellingsgrad frå 1:5 til 1:3

289 kr/daa 344 kr/daa

Drift av bratt grovfôrareal med hellingsgrad 1:3 eller brattare

434 kr/daa 516 kr/daa

*Endelege tilskotssatsar vert fastsett på grunnlag av søknadsomfang.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.