Landbruksplast er naudsynt, men problematisk

Rundballar på Herdla, Askøy kommune
Rundballar på Herdla, Askøy kommune Foto: Ingvar Grastveit / Statsforvaltaren i Vestland.

Forum landbruksplast er etablert som ein ny nasjonal møteplass for aktørar som ønskjer å finne løysingar på problemet med landbruksplast i naturen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.12.2021, Sist endra 22.12.2021

Elvar av plast

NRK-serien Plasthavet har vist oss at plastforureining er eit stort problem som vi saman må finne løysingar på. I elvar på Vestlandet er det funne tre gangar så mykje plast frå landbruket som frå alle andre kjelder til saman.

I 2020 brukte landbruket over 13 875 tonn plastemballasje. Sjølv om 95 prosent av dette blir gjenvunne, er det likevel 650 tonn som ikkje blir gjort greie for, og mellom anna forureinar vassdraga våre. (jf. tal frå Grønt punkt).

Nasjonalt engasjement

Det nasjonale Forum landbruksplast har som mål å samle kreftene for å finne gode løysingar på dette problemet. Forumet består av representantar frå landbruksføretak, organisasjonar og verksemder, renovasjonsselskap, forsking, utdanning og forvaltning. Saman skal aktørane i forumet skape aktivitet som medverkar til å redusere og få betre kontroll på landbruksplasten. Dette gjeld både det som er allereie finst i naturen i dag, og plast som står i fare for å bli ei kjelde til vidare forsøpling.  

Heilt konkret vil medlemmene i Forum landbruksplast stå i bresjen for ulike typar aktivitet og aksjonar knytt til plast. Ved å kople ulike aktørar i plasten si verdikjede skal forumet fungere som ein inkubator for løysingar, og opne opp for idear, prosjekt, kampanjar og utviklingsarbeid innan feltet.

Forum landbruksplast skal vere adressa der gardbrukarar, entreprenørar, forsking, frivillige organisasjonar, handel, politikarar, statleg og kommunal forvaltning finn informasjon dei måtte trenge. Plattforma er historisk med tanke på at alle aktørar samlast på ein plass. Difor er det knytt store forventningar til synergieffektane dette vil gje.

Forumet har etablert ei mellombels nettside som skal tilby informasjon som kan nyttast av alle med interesse for temaet.

Forum landbruksplast blir fødd

Hausten 2020 gav NORCE LFI ut rapporten "Plast i elver på Vestlandet", som viste  resultat frå ei kartlegging av plast i 43 elver på Vestlandet. Denne kartlegginga viste mellom anna at det var rundballefolie i nesten alle elvane, og om lag tre gangar så mykje plast frå landbruk som alle andre kjelder til saman.

I januar 2021 vart NORCE-rapporten presentert på eit internt møte hjå Statsforvaltaren i Vestland. Dette utløyste eit fornya engasjement for å ta tak i utfordringane knytt til plast i landbruket, og ideen om eit Forum landbruksplast vaks fram.

I mars vart det første dialogmøtet under tittelen Forum landbruksplast arrangert på Teams. Her var representantar frå Vestland Bondelag, Bonde- og Småbrukarlaget (Hordaland og Sogn og Fjordane), GrøntPunkt, NLR Vest, miljø- og landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland, Alver kommune, Vestland fylkeskommune, Bioregion Institute, IHM Voss, Felleskjøpet, Grøntutvalget, NORCE, Bergen kommune og Bergen og Omland Friluftsråd samla.

Under møtet kom det fram at det er semje om at landbruksplast som endar opp i naturen er eit felles problem, som alle ønskjer å ta tak i. Samstundes vart det slått fast at landbruksplasten er eit viktig produkt for bonden for å sikre kvalitet på fôr, frukt og bær. Det finst i dag få alternativ, og vi må erkjenne at plasten er her for å bli. Dette første møtet gav eit bilete av situasjonen og nettverksforma «forum» vart vald for å samle både folk og informasjon på ein enkel måte på tvers av ulike aktørar og arenaer. Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland gav økonomisk støtte til prosjektet.

Interessa for forumet strekte seg raskt ut over Vestland sine grenser, og forumet dekker no heile landet. Det ideelle selskapet Bioregion Institute fungerer som prosjektdrivar.

Aktivitet frå 2022

Frå 1. januar går Forum landbruksplast inn i ei treårig etableringsfase, der jobben med å skaffe naudsynt finansiering av planlagde aktivitetar held fram. Vi håper på samarbeid med fleire offentlege og private aktørar som kan støtte opp om denne nasjonale utfordringa.

Forumsarbeidet vil ha fokusområde som t.d. rydding av plast frå naturen, førebygging, og erstatning av fossil plast med alternative løysingar. Det er planlagt fleire verkstader, aktivitetar og kampanjar som vil finne stad i ulike regionar i heile landet. 

Ta gjerne kontakt med Forum Landbruksplast!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.