Kulturlandskapsprisen til Lars Tyssebotn med familie

Bilde av mottakarane av kulturlandskapsprisen og dei som delte den ut. Frå venstre: Landbruksdirektør Christian Rekkedal, Berit Ophus, Lars Tyssebotn, Guro Ophus Tyssebotn og Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune.
Frå venstre: Landbruksdirektør Christian Rekkedal, Berit Ophus, Lars Tyssebotn, Guro Ophus Tyssebotn og Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune. Foto: Kjersti Sognnes / Vestland fylkeskommune.

Familien på Osterøy får prisen for framifrå og langvarig innsats med å ta vare på og vidareutvikle kulturlandskapet i landbruket. Prisen er eit diplom og 30 000 kr.  

Publisert 19.11.2025

– Lars Tyssebotn med familie er eit førebilete for andre i arbeidet med levande kulturlandskap. Takk for innsatsen, og gratulerer med ein velfortent pris!, sa Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune.

Prisen vart delt ut under eit arrangement i Fotlandsvåg på Osterøy i dag. Før utdelinga på Fjordslottet Hotell var det omvising på garden til Lars Tyssebotn og familien.

Aktivt og nyskapande landbruk

I juryen si grunngjeving står det blant anna at prisvinnarane gjennom mange år har drive med aktivt geitehald, ei driftsform som tek vare på både naturen, tradisjonane og framtida. I eit landskap som kan vere krevjande frå naturen si side har familien drive aktivt og nyskapande landbruk.

Lars og familien har bygd opp drift og bygningsmasse på tre stølar og to gardsbruk, òg i veglause område. Dei har rydda beite og teke i bruk både innmark og utmark i låglandet og i fjellet til tradisjonell drift med geit og sau. Dei tek vare på artsrik slåttemark, artsrik beitemark og gamle kulturminne. Gjennom drifta skapar dei grunnlag for eit levande kulturlandskap, der både biologisk mangfald og kulturminne blir teke vare på for kommande generasjonar. 

Formidlar og deler kunnskap

Familien held landskapet ope og tilgjengeleg for ålmenta, og er opne og delande i formidlinga si.  Mange kjem kvart år for å sjå og lære – og reiser heim med inspirasjon. Ein får forståing for at det er mykje arbeid, men òg mykje glede i livsstilen som gardsdrifta gir.

På garden og stølen held dei oppe handverkstradisjonar som å koke geitost, lage pølser og spekemat. Produkta er særs populære. Dei visar korleis innovasjon og nytenking kan gå hand i hand med tradisjonell landbruksdrift.

Talsperson for landbruket

Lars Tyssebotn har òg vore aktiv i fleire organisasjonar i landbruket, og har arbeidd for betre rammevilkår og større kunnskap om berekraftig drift. Han er ein sterk talsperson for eit landbruk bygd på eigne ressursar og naturens eigne premiss. Lars Tyssebotn tok initiativ til å redde gammalnorsk spelsau og stifta ein organisasjon for denne rasen, som no tel fleire tusen dyr.

Mange nominerte 

Kulturlandskapsprisen er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune vert delt ut annan kvart år. Dette er andre gongen prisen vert delt ut. 

Juryen har bestått av medlemmar frå Vestland Bondelag og Bonde- og småbrukarlaget, Vestland fylkeskommune (kulturminne og næring), Statsforvaltaren i Vestland (miljø og landbruk), og Høgskulen i Vestland (avd. Sogndal) på fritt grunnlag.

Det kom inn 27 nominasjonar i 2025.

Sjå bilete frå garden i nyhetssaken til Vestland fylkeskommune.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.