Landbruksnæringa lanserer klimakalkulator

Landbrukets Klimaselskap SA lanserte 15.oktober «Klimakalkulatoren» for norske gardsbruk. Den gjev bonden oversikt over utslepp og kva som skal til for å redusere utslepp og binde karbon på gardsnivå.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.10.2020

Målet er at så mange norske bønder som mogleg tek i bruk kalkulatoren. I første omgang kan den brukast for mlk, korn og gris. Andre produksjonar kjem fortløpande til 

Heile landbruksnæringa står bak klimakalkulatoren og den er eit lagarbeid. Dei som står bak har stort fagleg spenn med 17 eigarar frå både samvirke og det private.  

Klimarådgjevarane vil vere viktige for bonden når klimakalkulatoren skal takast i brukNorsk Landbruksrådgiving og TINE utdannar for tida eigne rådgjevarar. Skulering av rådgjevarar og utviklinga av kalkulatoren er for landbruksnæringa eit viktig og offensivt steg framover i klimaarbeidet. 

Les meir om klimasmart landbruk og klimakalkulatoren.

Klimakalkulatoren er også omtalt hjå Norsk Landbruksrådgjeving og Tine. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.