Veit du nok om lagring og bruk av hestegjødsel?

På same måte som for all anna gjødsel, er det krav om at hestegjødsel blir lagra og brukt på ein slik måte at det ikkje fører til forureining eller fare for smitte.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.05.2020

Krav til mellomlagring av hestegjødsel med meir enn 25 prosent tørrstoff

Det er lov å mellomlagre tørr gjødsel eller talle med meir enn 25 prosent tørrstoff frå hest rett på bakken fram til bruk, men ikkje lengre enn 3 år. Tillaten mengd gjødsel til lagring er knytt til tilgjengeleg spreieareal. Dersom mengda vert overskriden, er lagringstida mindre enn 1 år (tidl. deponiforskrifta, no avfallsforskrifta § 9-2). Gjødsla vert deretter rekna som næringsavfall og må handsamast deretter.

Gjødsla kan berre lagrast på plassar utan fare for avrenning. Gjødsla må bli plassert slik at overflatevatn ikkje renn inn i haugen, og slik at avrenning ikkje kan gå rett i grøftesystem, bekk, elv, vatn eller sjø. Kommunen kan setje krav om tak eller anna dekke over gjødsla, for å skjerme mot nedbør. I praksis må ein alltid ha dekke over gjødsla for å sikre at gjødsla er tørr nok til å bli lagra på denne måten. Krava til utforming av lager fylgjer gjødselvareføresegna.

Kompostering til eige bruk

Det er berre lov å lagre gjødsla fram til eige bruk eller levering. For å få best effekt av hestegjødsel som jordforbetring, vil det vere naudsynt med omdanning/ kompostering (aerob eller anaerob) før bruk. Det er ein fordel å leggje gjødsla på eit fast dekke. Dette vil både redusere faren for avrenning og gi enklare handtering og kompostering av gjødsla. For å sikre omdanning, må gjødsla bli snudd heilt (ikkje berre topplaget) minst ein gong for året. Aerob (med oksygen) kompostering i binge eller ranke føreset at gjødsla blir snudd fleire gonger og gjennomgår dermed ein raskare omdanning med mindre tap gjennom utgassing samanlikna med anaerob (utan oksygen) kompostering.

Komposteringsanlegg på eigen gard vert sett på som lagring før bruk, og det er dermed tidsavgrensa kor lenge ein kan halde fram med komposteringa. Ved aerob kompostering er prosessen avslutta etter om lag fire til seks månadar. Ved anaerob kompostering må ein rekna med ca. eitt års tid. Prosessen er avhengig av ulike faktorar og kan difor avvike frå desse tala.

Spreiing på godkjent jordbruksareal

For å spreie hestegjødsla på dyrka areal, er det etter gjødselvareføresegna krav om å ha minimum to dekar tilgjengeleg spreieareal per hest. Mengda skal tilpassast gjødslingsbehovet på arealet og dokumenterast i gjødselplanen. Biproduktforskrifta regulerer spreiing av husdyrgjødsel og anna innhald frå meltingsgang (fordøyelseskanal) utan føregåande tilverking rett på jorda. Slikt spreieareal må vere fulldyrka eller overflatedyrka. Kommunen kan også godkjenne innmarksbeite som spreieareal.

Ein må anten ha spreieareal sjølv, eller gjere avtale med andre som har ledig spreieareal. Det er uansett ikkje tillate å bruke hestegjødsel i utmark eller på jorddeponi. Hestegjødsla må spreiast på overflata eller blandast i topplaget, altså i planta si rekkevidde, slik at tilgjengelege næringsstoff frå gjødsla vert teken opp. Innblanding av fersk eller kompostert hestegjødsel i jordmassar og i attlegg er berre tillate i topplaget. God praksis vert forventa, noko som er dokumentert i KSL regelverket (Veileder 1, generelle krav til garden, versjon 11). Gjødselplanen og gjødselvareføresegna seier noko om spreieareal og mengd nitrogen for planta etter vekstvilkår. Det er grenser for når gjødsla kan spreiast og generelle reglar for dette finn ein i gjødselvareforskrifta. Kommunen, der gjødsla skal spreiast, kan òg ha eigne reglar for spreietidspunktet. Hestegjødsel kan berre spreiast i det fylket der den kjem frå.

Gjødslingseffekt

Hestegjødsel med mykje strø av sagflis har normalt dårleg gjødslingseffekt i fersk tilstand. Gjødslingseffekten blir betre etter kvart som gjødsla blir omdanna i kompostering. Gjødsla bør anten bli kompostert før bruk, eller ein bør unngå sagflis og spon som strø. Krava til lagring og bruk gjeld også hestegjødsel som er blanda med mykje strø.

Rett komposteringsanlegg på eigen gard av eigen hestegjødsel treng inga godkjenning frå Mattilsynet. Komposten kan då berre brukast på eige spreieareal og kan ikkje omsetjast.

Levering til godkjent mottak

Den delen av gjødsla som ikkje blir spreidd på godkjent spreieareal, kan leverast til anlegg som er godkjente for mottak av Mattilsynet og har løyve etter forureiningslova frå Statsforvaltaren. Dette kan til dømes vere anlegg som brukar gjødsla til biogass, til framstilling av jordforbetringsprodukt eller til framstilling av gjødselprodukt.

Kompostering av hestegjødsel frå eige føretak til bruk på eige areal krev ikkje godkjenning frå Mattilsynet eller Statsforvaltaren. Dersom ein tek imot hestegjødsel frå andre og har meir gjødsel enn til eige bruk, er det krav om godkjenning. Godkjenninga frå Statsforvaltaren gjeld avrenning og lukt, medan godkjenninga frå Mattilsynet gjeld smittestoff.

Det er krav til ein viss kvalitet på produserte gjødsel- og jordforbetringsprodukt , jf. gjødselvareføresegna sine reglar, noko som krev registrering av produktet og godkjenning av anlegget hjå Mattilsynet (jf. gjødselvareforskrifta , kap 2-5 og biproduktføresegna artikkel 5). Mellom anna må gjødsla vere hygienisert og stabilisert før omsetting. Det er ikkje lov å omsetje eller gje vekk hestegjødsel utan at produksjonen er godkjent og produktet er registrert av Mattilsynet.

Hestegjødsel som har blitt lagra over lenger tid hjå oppstallaren, vert likestilt med fersk produsert gjødsel og kan ikkje bli omsett som kompost og berre spreiast på godkjent spreieareal.

Kontroll

Kvart hestesenter, rideklubb og private oppstaller har sjølv ansvaret for å finne løysingar som ikkje inneber forureining eller ulovleg deponering av gjødsel frå stallplassane. På førespurnad frå kommunen eller Statsforvaltaren, må ein kunne vise dokumentasjon på bruk eller levering til godkjent anlegg. Vert gjødsla levert til ein bonde, må han også kunne vise til ein slik avtale og dokumentere bruken i gjødselplanen sin.

Kommunane følgjer opp krava til lagring og bruk av hestegjødsel. Kommunen skal påleggje tiltak dersom tilhøva i dag ikkje er i tråd med regelverket. Det kan også bli aktuelt med tvangsmulkt for å sikre at tiltaka blir gjennomført. Kommunen vurderer også om dei føretaka som får produksjonstilskot skal få avkorta dette. I alvorlege tilfelle må kommunen vurdere melding til politiet. Statsforvaltaren kan føre tilsyn med korleis kommunane forvaltar miljøregelverket.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.