Fjøsopning i Åsane

Eivind Myrdal og familien hans i Jordalen i Åsane syner at det er mogleg å byggje om til lausdrift og drive rasjonelt, sjølv om ein har eit lite bruk. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.04.2019

Ein flott vårdag i byrjinga av april var det duka for fjøsopning i Åsane. Vel 100 personar kom for å sjå kva Eivind og Marianne og borna Myrdal har fått til. Ein gamal fjøsbygning med delar frå midt på 1800 talet er gjort om til ein framtidsretta lausdrift.

Her er det plass til 14 mjølkekyr, 3 kviger og nokre kalvar. Eivind har ein kvote på 80 000 liter og konsentrert haustkalving. I ein tidlegare fase vart himlinga heva til at det er god takhøgde. Det at fjøset var tomt i fleire månadar i sommar gjorde det låg godt til rette for ombygginga. Alt inventar og golv vart reve og grava ut. Ny innreiing og ein brukt mjølkestall kom på plass og det var klart for kalving og ny mjølkesesong.

I den siste byggefasen er det brukt 1,3 million kroner og lagt i ein solid eigeninnsats av Eivind, familien og vener. Utanom mjølkeproduksjon er det sau og nokre grisar på bruket.

Dette er eit veldig godt døme på korleis Vestlandsbonden tilpassar seg.

La det vere til inspirasjon for fleire!

Dyra har funne seg godt til rette i den ombygde fjøsen

 

Eivind Myrdal fortel om produksjon og ombygginga

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.