Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Dyr på beite i Vestland

I Vestland er det 425 000 dyr i utmarka i år. Det aller meste er sau og lam, men det er òg ein god del storfe.

Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.

Publisert 20.08.2020

Denne sommarsesongen har mange halde seg i Noreg og nytta flotte forhold i fjella. Mange har nok treft på beitedyra som omset plantar på fjell og i utmark til menneskemat. Snart er nok likevel sommaren på hell og hausten står for tur. Då skal dyra heim til låglandet og fjøsen. I september er det sanking og det er spesielt viktig at turgåarar ikkje forstyrrar dyra og arbeidet med å jage dei ned frå fjellet.

I figuren under kan ein sjå kor mange dyr som gjekk på utmarka i fjor, og tala er mykje det same i år.

Diagrammet med betre oppløysing


I neste figur kan ein sjå korleis dyra er fordelt i dei ulike kommunane i Vestland fylke.


Meir detaljar i statistikkbanken

Fylkesmannen har laga ein statistikkbank som kan brukast for å få ei generell oversikt over dyretal og struktur på dyr som har beita i utmarka. I statistikkbanken har ein også mogelegheit til å sjå den relative utviklinga for kvar kommune på tal beitedyr, og det er lagt inn ein tabell som syner dyretal og årsendring for 2017, 2018 og 2019.

Link til nettartikkel om statistikkbanken.