Statsbudsjettet for 2022

Statsbudsjettet for 2022 er lagt fram i dag frå regjeringa Solberg. Den nye regjeringa vil leggje fram ein tilleggsproposisjon i byrjinga av november. Stortinget gjer vedtak for det endelege budsjettet medio desember. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.10.2021

Pårekna vekst i frie inntekter for kommunane i Vestland frå 2021 til 2022 er 1,4 prosent. Gjennomsnittleg vekst for landet utgjer 1,5 prosent. 18 kommunar i Vestland ligg over eller likt med landssnittet, medan 25 kommunar ligg under veksten for landet. Anslag på deflator er sett til 2,5 prosent for 2022. Sjå graf nedanfor om nominell prosentvis vekst i frie inntekter:

Statsforvaltaren i Vestland

Veksten i frie inntekter vil variere mellom kommunane. Årsaker som påverkar kommunane ulikt frå år til år er endringar i inntektssystemet, folketal og alderssamansetjing, andre kriteriedata, skjønstilskot, veksttilskot, distriktstilskot eller småkommunetillegg, og i skattegrunnlaget. Den store pårekna skatteveksten i 2021 samanlikna med nivået lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett, bidreg til at veksten i dei frie inntektene frå 2021 til 2022 blir låg. 

Du finn brev til kommunane med ei oppsummering av statsbudsjettet 2022 og tabell over dei frie inntektene, til høgre i artikkelen. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.