Statsbudsjettet 2019 og kommunane i Hordaland

Skatteanslaget for 2018 er no høgare enn berekna i Revidert nasjonalbudsjett (RNB) i vår med kr 2,4 mrd. For 2019 legg regjeringa opp til ein vekst i dei frie inntektene på kr 2,6 mrd. rekna frå nivået i RNB 2018. Auken går i hovudsak til å dekke demografikostnader, pensjon og satsingar innanfor dei frie inntektene.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.01.2019

For detaljar og tal, sjå vedlegg til artikkelen, og www.regjeringa.no

Kommuneøkonomien 2018

I statsbudsjettet er det nye anslag for kommuneøkonomien inneverande år. Samanlikna med berekningane som vart gitt i Revidert nasjonalbudsjett 2018 i vår er:

Skatteanslaget for kommunesektoren i 2018 (skatt på inntekt og formue) er oppjustert med 2,4 mrd. kroner (fordelinga er kr 2,1 mrd. til kommunane og kr 300,- mill. til fylkeskommunane). Bakgrunnen er ekstraordinært store uttak av utbytte til personlege skatteytarar i inntektsåret 2017.

Den samla pris- og kostnadsveksten i kommunesektoren (deflator) vert no berekna til 3,0 pst. i 2018, 0,4 prosentpoeng høgare enn i Revidert nasjonalbudsjett 2018. Kostnadsveksten skuldast auka straumprisar. Isolert sett vil det redusere realverdien av kommunesektoren sine inntekter i 2018 med 1,9 mrd. kroner.

I 2018 blir det utbetalt over 2,7 milliardar kroner frå havbruksfondet til i alt 164 kommunar og 10 fylkeskommunar. Det er om lag 460 mill. kroner meir enn anslått i RNB.

Dei ekstra skatteinntektene er av eingongskarakter og vil ikkje bli vidareført til 2019, i motsetning til kostnadsveksten, som er med vidare til 2019.

Kommuneopplegget for 2019

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektorens sine frie inntekter på om lag 2,6 milliardar kroner i 2019, ein vekst på 0,7 prosent. Veksten er rekna frå inntektsnivået i 2018 slik det var tenkt på tidspunkt for RNB 2018. Det vil si at dei ekstra skatteinntektene i 2018 på 2,4 mrd. ikkje inngår i grunnlaget for berekning av vekst i 2019.

Kommunane i Hordaland får, samla, om lag same veksten som landet elles.

Heile veksten i dei frie inntektene i 2019 gis til kommunane. Dette skuldast at kommunane er forventa å få auka demografiutgifter i 2019. Fylkeskommunane ventes å få noko reduserte demografiutgifter de nærmaste åra, som følgje av nedgang i aldersgruppa 16-18 år.

Som i tidlegare år vil deler av veksten i frie inntekter være grunna i nokre hovudsatsingsområde.

Merk: Den låge veksten i samla inntekter må sjåast i lys av kommunesektorens inntekter frå Havbruksfondet på 2,4 mrd. i RNB 2018. Desse inntektene vert ikkje ført vidare i 2019.

Satsingar 2019

Regjeringa legg opp til satsingar innanfor dei frie inntektene (altså ikkje med direkte tilskot eller på anna sett øyremerkte midlar) på opptrappingsplan for rusfeltet (kr 200,- mill.), tidleg innsats i skulen (kr 200,- mill.), samt opptrappingsplan for habilitering og reahabilitering (kr 100,- mill).

I tillegg vert det satsingar innan helse og omsorg, kunnskapsløft o.a. Les meir i vedlagte notat og på regjeringa sine sider; www.regjeringa.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.