Skjønnsmidlar til kommunar etter ekstra utgifter og smittetal for covid-19

Fylkesmannen har fordelt 133 mill. kroner i skjønnsmidlar til 37 kommunar i Vestland etter ekstra utgifter og smittetal som følgje av covid-19.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.12.2020

Skjønnsmidlane er fordelte etter vedtak i Stortinget (prp. 48 S), og vi har i fordelinga lagt til grunn følgjande modell/kriterium:

  • Folkehelseinstituttet (FHI) sin statistikk for tal smitta personar i november månad (40 prosent)
  • anslag ekstra utgifter frå siste rapportering frå kommunane og fram til 1. desember (40 prosent)
  • FHIs smittetal per 1000 innbyggjar for november (20 prosent)
  • samla vurdering av sum skjønnsmidlar etter smittetal og innmelde anslag på ekstra utgifter for kvar kommune i heile pandemiperioden (mars – november)

For det siste kriteriet betyr det at enkelte kommunar har fått tildelt skjønnsmidlar utover det som er meldt inn av ekstra utgifter for november månad. Dette er også vurdert i samanheng med smittetal for heile perioden.

Som følgje av covid-19-utbrotet, er det i fem fordelingar samla fordelt 310 mill. kroner i skjønnsmidlar til kommunane i Vestland i 2020.

Du finn aktuelle dokument til høgre i artikkelen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.