Bremanger med godkjent budsjett og økonomiplan

Bremanger kommune er innmeldt i Robek og Statsforvaltaren har godkjent budsjett 2021 med ei låneramme på 16 mill. kroner.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.03.2021

Kommunestyret har vedteke eit budsjett og ein økonomiplan i balanse. Men drifta til kommunen har for dei seinare åra gått med ubalanse. For at kommunen skal klare å dekkje inn det resterande underskotet i 2021, og deretter bli meldt ut av Robek-registeret, er det avgjerande at netto
reduksjonar i drifta blir gjennomførte etter vedtaket til kommunestyret. Dette må bli vidareført i økonomiplanen, slik at kommunen kan byggje seg opp ein fri eigenkapital etter målsetjingane og sikre seg eit handlingsrom med ein økonomisk buffer.

Investeringar i bygningar og anlegg er budsjettert med 26,8 mill. kroner. Av dette skal 14 mill. kroner finansierast med nye låneopptak. I tillegg er det budsjettert med 2 mill. kroner i tilskot til Kyrkja, som dei skal nytte til rehabilitering av kyrkjer. Dette er også finansiert med lån. Lån frå Husbanken til vidare utlån er budsjettert med 3 mill. kroner.

Sjå vedlagt brev til kommunen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.