Austrheim kommune ute av Robek

Austrheim kommunestyre har vedteke rekneskapen for 2020, som viser at alt meirforbruk no er dekt inn. Kommunen er derfor meld ut av Robek.

Publisert 06.07.2021

Kommunen vart meld inn i Robek i 2018. Rekneskapen for 2017 viste då eit underskot som ikkje vart dekt inn innanfor fristen på to år.

Sjå vedlagt brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.