Fordeling av resten av skjønnsmidlane for 2021

Statsforvaltaren har i haust fordelt 16 mill. kroner i tilbakehaldne skjønnsmidlar. Midlane er fordelte til kommunar med utilsikta reduksjonar i inntekter etter kommunesamanslåing, ein vanskeleg overordna økonomisk situasjon, eller ekstra utgifter etter naturhendingar og økonomiske utfordringar som har oppstått gjennom året.

Publisert 18.10.2021

Kommunar som har fått midlar:

Kommune Kroner
Kinn 2 000 000
Bjørnafjorden 1 000 000
Øygarden 5 000 000
Sunnfjord 2 000 000
Stad 500 000
Osterøy 1 675 000
Årdal 1 500 000
Gloppen 2 000 000

 

Vi har tildelt midlane i to omgangar. Kommunar som får midlar etter utilsikta reduksjonar i inntekter etter kommunesamanslåing fekk desse i august, og dei andre tildelingane er gjort no i oktober. I tillegg har 12 kommunar til saman fått kr 300 000 i tilskot for tilsette som har delteke på innføringskurs i forvaltningsrett.

Les meir om tildelingane i vedlagte brev.