Statsforvaltaren opphevar alkoholpolitisk retningslinje

Vi opphevar Bergen kommune si alkoholpolitiske retningslinje som forbyr skjenking på stadar som tilbyr stripping, topplausservering og liknande som del av driftskonseptet. Det ligg ikkje føre ei alkoholpolitisk vurdering som grunngjev forbodet.

Publisert 09.04.2026

Bergen kommune sitt bystyre gjorde 19. juni 2024 vedtak om alkoholpolitiske retningslinjer for perioden 2024 – 2028. I retningslinjene gav kommunen forbod mot å gje skjenkeløyve på strippeklubbar og stadar med liknande driftskonsept. Sju representantar frå bystyret kravde lovlegkontroll av retningslinjene.

Tildeling av skjenkeløyve høyrer under det kommunale skjønnet. Likevel, er det grenser for kommunen si skjønnsutøving – kommunen si avgjerd kan ikkje byggje på utanforliggjande omsyn.

Manglar forankring i formålet med alkohollova

Etter ei samla vurdering av rettskjeldene, med vekt på formålet med alkohollova, har Statsforvaltaren kome til at Bergen kommune har lagt vekt på utanforliggjande omsyn då dei vedtok av den aktuelle retningslinja. Vedtaket manglar tilstrekkeleg forankring i formålet med alkohollova. Generelt, så kan ikkje alkohollova brukast som eit verkemiddel for å motverke verksemd som elles er lovleg.

Vi vurderer derfor at kommunens vedtak om alkoholpolitiske retningslinjer kapittel 4.1 tredje avsnitt ikkje har eit lovleg innhald, og opphevar derfor det aktuelle avsnittet.

Vi vil gjere merksam på at vår avgjerd gjeld oppheving av eit generelt forbod mot skjenking fastsett i dei alkoholpolitiske retningslinjene. Kommunen har høve til å avslå søknader om skjenkeløyve i enkeltsaker for aktørar som har stripping eller liknande tenester som del av driftskonseptet, dersom det  ligg konkrete og saklege alkoholpolitiske grunnar bak.

Du kan lese heile vedtaket vårt, datert 07.04.2026, under «Dokument».

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.