Statsforvaltaren avviser krav om lovlegkontroll av vedtak om sluttavtale

Vi har på formelt grunnlag avvist kravet om lovlegkontroll av eitt punkt i Sogndal kommunestyre sitt vedtak om å inngå sluttavtale med kommunedirektøren, då kravet ikkje rettar seg mot ei offentlegrettsleg side ved vedtaket.

Publisert 12.12.2025

Sogndal kommunestyre godkjende i møte 4. november 2025 framlegg til sluttavtale med kommunedirektøren. Eitt av punkta i avtalen innebar at alle mellomvære i tilknyting til arbeidsforholdet skulle vere avgjort ved oppfylling av avtalen, og avtalen nemnde særskilt at igangsette granskingsprosessar skulle avsluttast når avtalen vart godkjend av kommunestyret. 

Fire medlemmer av kommunestyret fremja krav om lovlegkontroll av om kommunestyret hadde kompetanse til å vedta ein sluttavtale som stansar undersøkingar av varsel om kritikkverdige forhold. Kravsstillarane stilte spørsmål ved om dette var i strid med dei pliktene kommunen har etter arbeidsmiljølova. 

Statsforvaltaren har avvist kravet om lovlegkontroll, då det ikkje rettar seg mot dei offentlegrettslege sidene ved vedtaket, jf. kommunelova § 27-3 tredje ledd. Dei pliktene kommunen har etter arbeidsmiljølova, er ikkje offentlegrettslege plikter som kan lovlegkontrollerast etter kommunelova, men allmenne plikter som gjeld både for privat og offentleg verksemd. 

Dette inneber at Statsforvaltaren ikkje har høve til å vurdere om vedtaket frå kommunen er i samsvar med arbeidsmiljølova eller ikkje. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.