Brann Stadion AS kan ikkje få fritak frå eigedomsskatt

Statsforvaltaren har etter ein lovlegkontroll oppheva Bergen bystyre sitt vedtak om fritak for eigedomsskatt for eigedomar tilhøyrande Brann Stadion AS fordi eigedomsskattelova ikkje opnar for fritak.

Publisert 27.04.2021

Bergen bystyre gjorde i møte den 22.04.2020 vedtak om å frita delar av eigedomane til Brann Stadion AS for eigedomsskatt. Bystyret la i si vurdering til grunn at det er naturleg å sjå Sportsklubben Brann og Brann Stadion AS i samanheng. Dette er fordi Sportsklubben Brann er eineeigar i Brann Stadion AS.

Tre bystyrerepresentantar kravde i etterkant at Statsforvaltaren gjorde ein lovlegkontroll av vedtaket.

Det sentrale vilkåret for at ein kommune kan fritaka ein eigedom for eigedomsskatt er at den aktuelle eigedomen tilhøyrer ein institusjon «som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten». Dei aktuelle eigedomane er eigd av selskapet Brann Stadion AS. Problemstillinga i saka var derfor om dette selskapet si verksemd oppfylte vilkåra.

I samband med behandlinga av saka bad Statsforvaltaren Finansdepartementet uttale seg om lova opnar for ein slik identifikasjon mellom eit aksjeselskap som eig den aktuelle eigedomen, og ei foreining som fullt ut eig aksjeselskapet. Departementet konkluderte med at føresegna ikkje opnar for eit slikt indirekte eigarskap. Statsforvaltaren la derfor til grunn at det ikkje kunne leggjast vekt på Sportsklubben Brann sine aktivitetar ved vurderinga av kva aktivitet søkjaren «tek sikte på». Saka måtte utelukkande avgjerast ut frå verksemda til Brann Stadion AS.

Brann stadion AS skal først og fremst forvalte stadionanlegget «Brann stadion», som er eit idrettsanlegg. Bygging og drift av idrettsanlegg kan til ein viss grad seiast å vere ei offentleg oppgåve, særleg dersom anlegget er til bruk for barn og unge og breiddeidretten.

Då det i all hovudsak er elitelaget til Sportsklubben Brann som brukar Brann stadion til heimekampar og trening, og anlegget i liten grad er tilgjengeleg for andre, har Statsforvaltaren konkludert med at vilkåra for fritak for eigedomsskatt ikkje var oppfylte. Når vilkåra ikkje var oppfylte kunne Bergen bystyre heller ikkje gjere vedtak om fritak for eigedomsskatt. Det hefta derfor ein mangel ved innhaldet i bystyret sitt vedtak, og vedtaket var ugyldig.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.