Kompetanseplan for dei sosiale tenestene

Nav Vestland og Statsforvaltaren i Vestland har utarbeidd ein kompetanseplan som gjeld dei sosiale tenestene i Nav.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.08.2021

Statsforvaltaren er ansvarleg for opplæring i sosialtenestelova og for kompetanseutvikling innan dei sosiale tenestene. Nav fylkeskontor er ansvarleg for alle tenestene i Nav-kontora og for kompetanseutvikling og opplæring til alle tilsette. Vi har ulike roller, men er felles ansvarleg for at opplæringa treffer behovet i Nav-kontora og at den opplevast nyttig.

Vi har samen utarbeida kompetanseplanen for dei sosiale tenestene som gjeld for 2021. Vi ønskjer framover å publisere årleg kompetanseplan.

Her kan du sjå heile kompetanseplanen.

Aktiv medverknad

Vi har god kjennskap til Nav-kontora og kommunane i Vestland, men vi ønskjer likevel at de tek kontakt med oss viss de har innspel til kompetanseplanen. Vi ønskjer at Nav-leiarar og -tilsette medverkar aktivt i kompetanseutviklinga i Nav-kontora.

Når vi kartlegg kompetansebehov og utviklar kompetansetilbod nyttar vi:

  • Styringsdokumenta
  • Oppfordringar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet
  • Tilsyn
  • Klagesaker
  • Samhandling med Nav-kontora, regionleiarar, den enkelte kommune og Nav-leiarar
  • Råd- og rettleiingsteneste
  • Dialogmøte
  • Samfunnsstrukturelle endringar
  • Regelendringar
  • Brukarutval og brukarundersøkingar

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.