Treng du helse- og omsorgstenester i ein annan kommune enn den du bur i?

Når du søkjer om helse- og omsorgstenester i ein kommune, skal søknaden din behandlast uavhengig av om du er folkeregistrert der eller ikkje. Kommunen kan ikkje avslå søknad på bakgrunn av at du ikkje er folkeregistrert der.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.09.2021

Kommunen må ta utgangspunkt i at du ønskjer å opphalde deg eller busette deg i den kommunen som du søker om tenester i. Statsforvaltaren har fått klager frå personar som har fått avslag, fordi dei ikkje bur eller er folkeregistrert i kommunen. Søker du om helse- og omsorgstenester i ein kommune du ikkje bur i, skal søknaden behandlast på lik linje med dei som er folkeregistrert i kommunen, ifølgje helse- og omsorgstenestelova paragraf 3-1.

Må vurdere hjelpebehovet

For at kommunen det er søkt tenester i skal kunne behandle ein søknad, må dei ta utgangspunkt i kva hjelpebehov den enkelte har og gjere ei individuell vurdering om søkjar har rett til tenester. Kommunen kan ikkje avslå å behandle søknaden eller gje avslag på tenestene i eit vedtak om helse- og omsorgstenester på grunn av at dei bur i ein annan kommune på søknadstidspunktet. Pasientar og brukarar kan sjølv velje kva for kommune dei vil opphalde seg i.

Sterkt pleietrengande

For personar som er avhengige av omfattande pleie- og omsorgstenester og ikkje kan flytte til ein ny kommune utan at eit tenestetilbod er klart, har kommunen plikt til å behandle søknaden før vedkommande flyttar til kommunen. Kommunen kan ikkje avslå søknaden, fordi vedkommande ikkje oppheld seg i kommunen enno, men må opplyse og behandle søknaden på vanleg måte. Dette er skildra i rundskriv I-43/99, Ansvaret for å yte pleie- og omsorgstenester til sterkt pleietrengande ved flytting mellom kommunar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.