Bli med på markering av handhygienedagen

Den nasjonale markeringa av verdas handhygienedag går føre seg 5. mai, og i år er temaet handhygiene og andre basale smittevernrutiner. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.04.2022

Under pandemien har «forsterka tiltak» vore den nye normalen. No er tida inne for å gå tilbake til basale smittevernrutinar. Basale smittevernrutinar, med sine elleve tiltak, blir omtala som grunnsteinane i det smitteførebyggjande arbeidet i helse- og omsorgstenesten.

Lansering av ny rettleiar og nasjonalt verktøy

I forbindelse med handhygienedagen blir ein ny nasjonal rettleiar for basale smittevernrutinar og eit nasjonalt verktøy for observasjon av smitteførebyggjande tiltak (NOST), lansert.  

På Folkehelseinstituttet kan du sjå opptak av webinar om innføring i NOST.

Den 5. mai blir det også webinar om basale smittevernrutiner. Webinaret kan du følgje på FHI sine sider.

Les meir om Håndhygienedagen på Folkehelseinstituttet sine sider. Her kan du bestille materiell og melde på di eining.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.