Styrking og utvikling av helsestasjons- og skulehelsetenesta

Helsedirektoratet har lyst ut tilskot til ordninga styrking og utvikling av helsestasjons‐ og skulehelsetenesta på 426 millionar kroner. 40 millionar er øyremerka styrking av jordmortenestene i kommunen. Søknadsfristen er 14. januar.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.12.2018

Nytt i regelverket er at søknader frå kommunar som tilbyr praksisplassar til helsesjukepleier og jordmor under utdanning, vil bli prioritert. Tidlegare prioritering av søknader frå kommunar som har nytta dei frie midlane til helsestasjons‐ og skulehelsetenestene og/eller som har betydelege levekårsutfordringar, vidareførast.

Helsedirektoratet har utarbeida ein søknadsrettleiar som, saman med regelverket, må lesast nøye før søknaden vert fylt ut.

Meir informasjon om tilskotsordninga og søknad finn de på Helsedirektoratet si heimeside.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.