Kurs i økonomisk rådgjeving i 2021

Statsforvaltaren i Vestland tilbyr tre kurs i økonomisk rådgjeving i vår: to grunnkurs og eitt vidaregåande kurs. Kursa blir arrangert digitalt. Kursplanane for hausten er ikkje klare enno. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.01.2021

Koronapandemien held fram med å utfordre privatøkonomien til innbyggjarane i Noreg på fleire måtar. Det går fram av SIFO-rapport 12-2020, som ser på den økonomiske tryggleiken for norske hushald i perioden april til juni 2020, at ein av fire hushald er ramma økonomisk av koronapandemien. Tiltaka knytt til koronapandemien held fram i ulik grad rundt om i landet, og det er grunn til å tru at dei økonomiske problema for dei som var ramma i 2020 vil halde fram i 2021 og at fleire kan verte ramma.

Økonomisk rådgjeving er ei lovpålagd individuell teneste etter sosialtenestelova paragraf 17. Tenesta er ei av kjerneoppgåvene i Nav-kontoret, og tilsette i Nav treng kunnskap om tenesta og aktuelle tema for å kunne gi råd og rettleiing, og for å kunne vidareformidle personar med større problem til ein spesialist innan økonomisk rådgjeving. 

For å hjelpe Nav-kontora og samarbeidande tenester i jobben med å rettleie privatpersonar om økonomi, tilbyr Statsforvaltaren kurs i økonomisk rådgjeving.

Kurstilbodet for økonomisk rådgjeving

Vi tilbyr tre typar kurs innan økonomisk rådgjeving: basiskurs, grunnkurs og vidaregåande kurs.

  • Basiskurset er eit helt grunnleggjande kurs for Nav-tilsette som skal hjelpe personar som kan ha eller står i fare for å få økonomiske problem, og for tilsette i som samhandlar med Nav, til dømes barnevern, rus og psykiatri, helse, buoppfølging med vidare.
  • Grunnkurset er eit grunnleggjande kurs for tilsette i Nav som arbeider med å hjelpe personar med økonomiske vanskar.
  • Det vidaregåande kurset er eit kurs for deg som er tilsett som økonomisk rådgjevar eller gjeldsrådgjevar i Nav.

Kurs våren 2021

Følg lenkjene til dei ulike kursa for meir informasjon:

På noverande tidspunkt er det ikkje satt dato for basiskurs våren 2021 for Vestland. Vi kjem tilbake med meir informasjon når eventuelle datoar er klare.

Grunn- og vidaregåande kurs vert arrangert av Statsforvalteren i Trøndelag og Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Statsforvalteren i Troms og Finnmark, Statsforvalteren i Nordland, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Statsforvaltaren i Rogaland. Nav-tilsette i alle seks fylka kan delta. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar