Fylkesmannen er ikkje klageinstans for avtalar om frivillig offentleg forvaltning

Når Nav-kontoret inngår avtale om frivillig offentleg forvaltning gjer dei dette etter privatrettslege reglar, ettersom dei ikkje har plikt til å tilby slike tenester.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.07.2019

Frivillig offentleg forvaltning er inga lovpålagt oppgåve, men mange Nav-kontor og kommunar tilbyr dette til personar som treng hjelp til å styre økonomien. Dei som inngår avtale om frivillig offentleg forvaltning treng ikkje ha faste ytingar frå Nav. Ein forvaltningsavtale kan vere med eller utan sluttdato, og kan seiast opp av begge partar, ettersom avtalen er frivillig.

Klage?

Det hender at rutinane ved Nav-kontoret sviktar, eller at personen som får økonomien sin forvalta er misnøgd av andre grunnar, til dømes med måten økonomien vert forvalta på. Statsforvaltaren mottek henvendingar og klager på slike forhold, men vi har ikkje heimel til å behandle slike klager. Ein avtale om frivillig offentleg forvaltning er ikkje ei teneste etter sosialtenestelova, og Statsforvaltaren har difor ikkje heimel etter denne lova til å ta stilling til klagen.

Dei som er misnøgde med handteringa av den frivillige offentlege forvaltninga dei mottek, må ta kontakt med Nav-kontoret eller kommunen, eventuelt overordna instans i kommunen og presentere problemet. Alternativt kan dei kontakte byombod eller brukarombod.

Rettleiar frå direktoratet

Som hjelp for Nav-kontor og kommunar som vil tilby frivillig offentleg forvaltning, har Arbeids- og velferdsdirektoratet laga ein skriftleg rettleiingsrutine. Den finn du under «Dokument».

Arbeids- og velferdsdirektoratet presiserer i rettleiingsrutinen at frivillig offentleg forvaltning av einskildpersonars økonomi ikkje kjem inn under Statsforvaltarens tilsynsansvar etter sosialtenestelova.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.