Uforsvarleg handtering av vaksinar

Statsforvaltaren har konkludert i tilsynssaka med fastlegevikaren som vi fekk bekymringsmelding om i mai 2021.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.10.2021

I mai 2021 fekk Statsforvaltaren ei bekymringsmelding frå Bergen kommune om mogleg feil handtering av koronavaksinar frå ein fastlegevikar. Bekymringsmeldinga gjaldt mogleg økonomisk inntening ved irregulær vaksinering mot covid-19 utanfor risikogruppene, og mogleg sal av tomme hetteglas. Fastlegevikaren skulle ha vaksinert pasientar på parkeringsplassen utanfor legekontoret og før planlagt vaksinering om morgonen.

Etter å ha undersøkt saka, legg Statsforvaltaren til grunn at det ikkje vart sett vaksine før vanleg tid den aktuelle dagen. Legen har grunngjeve valet om å vaksinere på parkeringsplassen med plassmangel innandørs, og at det har vore gjort ved andre legekontor i kommunen. Vi kan ikkje sjå at dette var uforsvarleg.

Legen har forklart at han sendte vekk pasientar som han meinte ikkje var i risikogruppa, då legekontoret hadde for få vaksiner. Då dagen nærma seg slutten, såg legen at dei likevel hadde nok, og kalla inn nye personar til vaksinering som legen visste ville møte opp. Etter vår vurdering skulle heimsendinga ha vore drøfta med dei som hadde valt ut og kalla inn dei aktuelle pasientane for vaksine.

På slutten av dagen låg det igjen tre vaksinedosar. Legen trekte då opp ei vaksine til frå restar frå to hetteglas frå same batch, og tok dei fire dosene med til Bergen legevakt der legen vaksinerte fire helsepersonell. Legen grunngjev valet med at det ville vore uetisk å kaste vaksiner når det var knappheit på desse.

Statsforvaltaren ser det som uforsvarleg å handle i strid med retningslinene for opptrekk av vaksinar og transport av desse, og vi har kome til at legen ved å blande vaksinerestar frå ulike hetteglas og frakte vaksinane braut kravet til fagleg forsvarleg verksemd i helsepersonellova. Vaksineringa vart heller ikkje rett dokumentert.

Slik saka står for Statsforvaltaren, er det ikkje lagt fram opplysningar som sannsynleggjer at avvika var motivert av økonomisk vinning. Saka er avslutta frå vår side med påpeiking av pliktbrotet og rettleiing til legen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.