Stadlege tilsyn gir betre opplyste saker

Etter fem alvorlege hendingar i 2018, har Fylkesmannen i Vestland hatt mål om å gjennomføre fleire stadlege tilsyn. Resultatet er betre opplyste saker og raskare konklusjonar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.08.2019

Dette er bra for pasientar, pårørande og for helsepersonell, skriv fylkeslege Helga Arianson i Stedlig tilsyn etter alvorlig hendelse – bør benytttes oftere.

Artikkelen er ein del av tilsynsmeldinga til Statens helsetilsyn, som har som mål å bidra til refleksjon i helseføretaka.

Ved alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenestene er det pasientar og pårørande som blir ramma aller mest. Utfordringa i slike saker er å plassere ansvaret for svikt rett.

Erfaringa frå Fylkesmannen i Vestland er at stadlege tilsyn krev rask aksjon og fleksibilitet, både frå tilsynsmyndigheita og tenestene. Men stadlege tilsyn er svært nyttige, for sakene blir betre opplyst og avgjort raskare.

Vi kan vurdere og konkludere mykje raskare enn ved skriftleg saksbehandling. Vurderinga er vidare at vi ikkje bruker nemneverdig meir ressursar på å gjennomføre eit stadleg tilsyn, enn ved skriftleg saksbehandling, men ressursbruken er uføreseieleg og konsentrert.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.