Samfunnsmedisinsk beredskap i kommunane

Ei viktig erfaring frå pandemien er at det trengst god samfunnsmedisinsk beredskap og kompetanse i kommunane, og at dette tek tid å bygge opp. Dei fleste kommunane i Vestland hadde ikkje tilstrekkeleg kommuneoverlegekapasitet det første halve året av pandemien.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.07.2021

Helsedirektoratet og fylkesmennene (no statsforvaltarane) gjorde ei nasjonal kartlegging av kommuneoverlegefunksjon i september 2020. Alle kommunane i Vestland svarte. Rapporten er sendt til kommunane, men ikkje publisert tidlegare. Vi publiserer difor rapporten og tal frå Vestland her. 

Den nasjonale kartlegginga kan du lese i denne rapporten, og i denne rapporten finn du tala frå Vestland.

Under halvparten av kommunane hadde nok bemanning

Kartlegginga viste at berre 47 prosent av kommunane meinte at dei hadde god nok bemanning og støtteapparat. Nasjonalt auka 61 prosent av kommunane opp kapasiteten i kommuneoverlegefunksjonen under dei første månadane i pandemien. I Vestland var det stor variasjon i stillingsprosent for kommuneoverlegefunksjonen. Nokre av skilnadene er naturlege ut frå storleik, men der er også skilnad mellom kommunar som er om lag like store. Av dei 43 kommunane i Vestland rapporterte 4 at dei hadde gjort ein permanent auke i kommuneoverlegestillinga, 28 kommunar hadde gjort ein mellombels auke, medan 11 ikkje hadde auka opp. Åtte kommunar melde at kapasiteten i stillinga til kommuneoverlegen også var for liten i ein normalsituasjon.

Oppfordrar kommunane til å gå gjennom smittevern og beredskap

Etter fleire tilbakemeldingar om bekymring for kapasiteten til helsetenestene kom Helsedirektoratet og Kommunenens sentralforbund (KS) med ein felles uttale i januar 2021. Dei rådde kommunane til ein fornya gjennomgang av den samla ressursen, for å sikre at smittevernet var godt organisert, og tilstrekkeleg bemanna med kommuneoverlege og anna personell med smittevernkompetanse. Kommunane vart oppfordra til å vurdere og sørge for kontinuitetsplanlegging og forsvarleg arbeidsbelastning for dei som arbeider med smittevern. Kommunane vart også oppfordra til å vurdere behov for interkommunale samarbeid innan smittevern.

Kommuneoverlegefunksjonen har vore viktig for pandemihandteringa

Kommunane har ei avgjerande rolle i handteringa av pandemien, og skal organisere seg slik at dei har nødvendig samfunnsmedisinsk kompetanse. TISK-strategien (testing, isolering, smittesporing og karantene) har ført til mykje arbeid, men har vore avgjerande for å unngå stor smittespreiing. Det er viktig med gode løysingar for å dekke akutte behov for funksjonen ved sjukdom, og kunne bemanne opp ved større hendingar eller smitteutbrot. Kommuneoverlegane har vore viktige i dette arbeidet, både med omsyn til kompetanse og myndigheit. Dei har òg vore sentrale i organisering av vaksinering, og med rettleiing og rådgjeving om gjeldande forskrifter og anbefalingar innan smittevern.

Samfunnsmedisinsk beredskap er viktig også etter pandemien

Pandemien har vore ei utfordring for kommuneoverlegane, og for andre med beredskapsfunksjonar i kommunane. Statsforvaltaren i Vestland har fått tilbakemelding frå enkelte kommunar om at TISK-kapasiteten har vore på strekk i periodar med smitteutbrot, og at det er krevjande for personell å stå i ein pandemisituasjon over lang tid. Vi kjenner ikkje til i kva grad kommuneoverlegefunksjonen har blitt styrkt vidare sidan hausten 2020.

Frå kartlegginga er rådet å styrke funksjonen ved auka stillingsprosentar for å møte utfordringane ved auka smitte- og krisehandtering, og sikre kommunelegane nødvendig restitusjon og kvile.

Samfunnsmedisinsk beredskap er viktig i den vidare handteringa av pandemien. Også etter at pandemien er over, vil kontinuitetsplanlegging av samfunnsmedisinsk beredskap vere viktig. Frå oppsummeringa i rapporten går det fram at det vert viktig å leggje til rette og motivere for arbeidet med å få på plass betre løysingar for kommuneoverlegefunksjonen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.