Ny nasjonal plan for rehabilitering etter covid-19

Helsedirektoratet har presentert ein nasjonal plan som angir anbefalt retning for arbeidet med rehabilitering for personar med rehabiliteringsbehov etter covid-19-sjukdom.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.06.2021

I planen presentera Helsedirektoratet mellom anna seks hovudmålsettingar for rehabiliteringa:

  • Pasientar med funksjonsnedsettingar etter covid-19-sjukdom, får rehabilitering i utifrå gjeldande kunnskap og beste praksis på området.
  • Pasientar som har behov for rehabilitering etter å ha hatt covid-19-sjukdom, får informasjon om kva som finnes av rehabiliteringstilbod i møte med helsepersonell både i kommunane og i spesialisthelsetenesta. Grupper med høgare risiko for å ha behov for rehabilitering etter covid-19, eller grupper det er særleg vanskeleg å nå med informasjonstiltak, prioriterast.
  • Bruk av omgrep knytt til pasientar som har behov for rehabilitering etter covid-19-sykdom er einskapleg og kvalitetssikra.
  • Det er god registrering av covid-19-rehabilitering i helse- og omsorgstenestene på begge tenestenivå, som ledd i å auke kunnskapen på feltet.
  • Det sikrast ein kontinuerleg og systematisk kunnskapsoppsummering basert på eksisterande forsking, samt stimulering av ny forsking om rehabilitering etter covid-19.
  • Rutinar og avtaler om samhandling og meldingsutveksling omfattar alle aktørar i pasientforløpet på tvers av kommunane og spesialisthelsetenesta på rehabiliteringsområdet

Les meir om den nye nasjonale planen på Helsedirektoratet si heimeside

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.