Mann som døydde av bløding etter mandeloperasjon fekk forsvarleg helsehjelp

Ein ung mann døydde i vår av bløding etter mandeloperasjon. Sjølv om vi har konkludert med at helsehjelpa var forsvarleg, har saka avdekt eit behov for tydelegare informasjon om kor pasientar kan ta kontakt dersom det kjem bløding etter ein slik operasjon.

Publisert 29.07.2021, Sist endra 02.08.2021

I vår fekk Statens helsetilsyn eit varsel om ei alvorleg og uventa hending. Varselet gjaldt ein ung mann som døydde heime av bløding etter mandeloperasjon som var utført nokre veker tidlegare. Helsetilsynet bad Statsforvaltaren handsame saka, og den vart følgd opp som tilsynssak med Haukeland universitetssjukehus.

Mannen var operert hos ein privat spesialist som samarbeider med sjukehuset, men var etter dette lagt inn to gonger ved Haukeland grunna bløding etter operasjonen. Alvorleg bløding etter mandeloperasjon (tonsillektomi) er ein frykta, men kjend komplikasjon. I nokre få tilfelle er blødinga så stor at livet ikkje står til å redde.

Ingen haldepunkt for uforsvarleg helsehjelp

Etter å ha vurdert saka har vi ikkje funne haldepunkt for at korkje primæroperasjonen eller den seinare helsehjelpa ved Haukeland universitetssjukehus var uforsvarleg eller at blødinga kunne vore forhindra. Saka har avdekt eit behov for å tydeleggjere informasjon til pasientar som får fjerna mandlane, slik at det no går klart fram kor ein kan ta kontakt dersom det kjem til bløding etter operasjonen.

Vi presiserer at mangelfull informasjon ikkje var årsaka til at mannen døydde. Ved den siste blødinga fekk mannen raskt akutt helsehjelp gjennom kontakt med 113.  

Kontaktpersonar