Leve heile livet-konferansar i Sogndal og Bergen

«Leve heile livet inn i ny fase» er hovudtema for konferansane som det regionale støtteapparatet arrangerer i Sogndal 8. november og i Bergen 15. november. 

Publisert 13.10.2021, Sist endra 19.10.2021

På programmet får vi informasjon om reforma så langt og korleis ulike kommunar har jobba med å få Leve heile livet inn i kommunale planar og implementert arbeidet i sin kommune.

Vi deler så inn i to parallellsesjonar med tema aldersvenlege samfunn, og helsehjelp og samanheng i tenestene, før vi rundar av med paneldiskusjon og spørsmål frå salen.

Programmet for dei to konferansane er heilt likt, og du finn heile programmet under «Dokument». Påmeldingsfristen er 31. oktober.

Her melder du deg på Leve heile livet-konferansen i Sogndal 8. november.

Her melder du deg på Leve heile livet-konferansen i Bergen 15. november.