Leve heile livet

Oppdatert 22.03.2022

Reforma «Leve heile livet» skal bidra til at eldre kan meistre livet lenger og vere trygge på at dei får god hjelp når dei treng det. Kvalitetsreforma for dei eldre skal handle om fellesskap, aktivitet, mat og helsehjelp.

Målet med reforma skal vere fleire gode leveår der eldre menneske har god helse lenger og i større grad meistrar eige liv.

Aldersvenlege samfunn

Eldre skal kunne leve gode liv, uavhengig av helseproblem og helsetilstand. Reforma er særleg retta mot helse- og omsorgssektoren, men alle sektorar må bidra for å skape aldersvenlege samfunn.

Statsforvaltaren har ei sentral rolle i å koordinere reformarbeidet. Statsforvaltaren skal mellom anna gi alle kommunar tilbod om dialogmøte og sørge for at alle kommunar blir inviterte til å delta i læringsnettverk. Statsforvaltarane er ein del av det regionale støtteapparatet, der også KS og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester er med.

Vis meir

Leve heile livet som embetsprosjekt hos Statsforvaltaren 2020-2022

Prosjektet skal bidra til at kommunane møter endringane i befolkningssamansetninga på ein måte som gjer at vi kan leve gode liv så lenge som mogleg.

Statsforvaltaren vil bidra til 

  • at kommunane utformar gode, tilpassa tiltak og løysingar for arbeidet i eigne planar 
  • tett og godt samarbeid mellom sektorar i kommunane og hos Statsforvaltaren 
  • aktive og medverkande eldre i kommunane, og gode, tilrettelagte tilbod 
  • godt og systematisk arbeid med kompetanseheving, kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik i kommunane 
  • god dialog og likeverdig samarbeid mellom regionalt støtteapparat i fylket 

Det vert tilbod om støtte og rådgjeving til utvikling, iverksetting og evaluering av lokalt planarbeid og tilrettelegging av nettverk og møteplassar med kommunane, fylkeskommunen og  spesialisthelsetenesta. 

Prosjektgruppa hos Statsforvaltaren består av Åse Vaag (kommune og samfunn, prosjektleiar), Anne Eli Wangen (helse, oppgåveansvarleg), Janne Weltzien Listhaug (helse), Ragna Flotve (landbruk)Beate Helland (helse), Siri Erdal (kommune og samfunn) og Ingunn Elise W. Erichsen (helse). 

I tillegg til det regionale støtteapparatet, har vi også ei koordineringsgruppe der fylkeseldrerådet i Vestland, Senter for omsorgsforsking og Vestland fylkeskommune også er med. 

Eit viktig grep i Leve heile livet-reforma er at kommunane deltek i nettverk for erfaringsdeling og læring. Vi har samla aktuelle nettverk for kommunane under.

Her kan du lese informasjonsbrev med nyhende frå Leve heile livet-arbeidet i Vestland:

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 29.06.2022, Sist endra 29.06.2022

Nettverk for aldersvenlege samfunn i Vestland

Det regionale nettverket skal vere ein fellesarena der kommunane i Vestland kan dele erfaringar og utfordringar, og etablere samarbeid på tvers. Alle kommunane er velkomne til å delta.


Sist endra 29.06.2022

Sjå opptak av konferansen "Ein bustad for heile livet"

Konferansen blei arrangert i Bergen 31. mai. Om du ikkje fekk han med deg, kan du sjå opptak her. 


Publisert 15.06.2022, Sist endra 17.06.2022

Kva kommune bør få Leve hele livet-prisen i 2022?

Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet-arbeidet i Vestland inviterer deg til å nominere kandidatar til årets Leve hele livet-pris. Forslag kan du sende til oss innan 15. august.


Publisert 20.04.2022

Revidert retningslinje for førebygging og behandling av underernæring

I den reviderte retningslinja anbefaler Helsedirektoratet eit nytt verktøy som skal gjere det lettare for helsepersonell å vurderer risikoen for om pasienten er i risiko for underernæring.


Publisert 11.03.2022

Undervegsrapport frå Leve heile livet

Undervegsrapporten Leve hele livet i kommunene undersøkjer korleis kommunane forstår, vurderer og arbeider med reforma.


Publisert 07.03.2022

Kræsjkurs i mat og helse for eldre

Matgledekorpset i Vestland har laga ein kort film om gode måltid for eldre.


Publisert 17.02.2022

Nytt frå Leve heile livet-satsinga i Vestland

I det nye informasjonsbrevet kan de lese meir om relevant informasjon for Leve heile livet-arbeidet i Vestland.


Publisert 25.11.2021

Leve heile livet-reforma inn i ny fase og status i Vestland

Leve heile livet-konferansane i regi av det regionale støtteapparatet hadde deltakarar frå nær alle kommunane i fylket. Fekk du ikkje med deg konferansen, kan du sjå innlegget frå Helsedirektoratet her.


Publisert 13.10.2021, Sist endra 05.11.2021

Leve heile livet-konferansar i Sogndal og Bergen

«Leve heile livet inn i ny fase» er hovudtema for konferansane som det regionale støtteapparatet arrangerer i Sogndal 8. november og i Bergen 15. november. 


Publisert 06.10.2021, Sist endra 08.10.2021

Pasientsikkerhetskonferansen 2021

Pasientsikkerhetskonferansen har som mål å inspirere til arbeid med pasientsikkerheit, reduksjon av pasientskadar og forbetring i helse- og omsorgstenesta. Den går føre seg 3. og 4. november og blir heildigital.