Tildeling av kommunale bustader skjer ikkje etter den bustadsosiale lova

Statsforvaltaren er klageinstans for vedtaka kommunane gjer etter den bustadsosiale lova. Saker som gjeld tildeling av kommunal bustad skal ikkje skje etter denne lova, og kommunane skal ikkje sende klagesaker om dette til oss. 

Publisert 04.03.2026

Vi erfarer at nokre kommunar heimlar avgjerder om tildeling av kommunale bustader i den bustadsosiale lova, og at dei sender klagesaker til oss for endeleg avgjerd. Vi ser difor grunn til å minne om kva enkeltvedtak etter den bustadsosiale lova handlar om.

I den bustadsosiale lova § 7 om saksbehandling og klage står det:

Når noen ved søknad eller på annen måte ber om bistand fra kommunen, skal kommunen ta stilling til om personen er vanskeligstilt på boligmarkedet. En avgjørelse om å gi eller avslå bistand, er et enkeltvedtak.

Hvis kommunen fatter vedtak om individuelt tilpasset bistand etter § 6, skal hovedinnholdet i bistanden angis i vedtaket.

Kommunen skal så langt som mulig samarbeide med den som skal motta bistanden, og ta hensyn til dennes ønsker.

Ved klage over enkeltvedtak er statsforvalteren klageinstans.

I § 6 står det at kommunen skal gi individuelt tilpassa bistand til dei som er vanskelegstilte på bustadmarknaden. Kommunen skal vurdere kva for bistand dei skal gi, og hjelpa kan for eksempel vere å gi praktisk bistand til å søke om kommunal bustad. Sjølve tildelingane av kommunale bustader skjer altså ikkje etter dette regelverket, og vi er difor ikkje klageinstans for dei avgjerdene.

Tildeling av kommunale bustader skjer etter kommunale retningslinjer, og klageinstans for avgjerdene er kommunal klagenemnd.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.