Nykomne elevar skal få opplæring så raskt som mogleg

Det kjem mange ukrainske barn til Noreg på grunn av krigen i heimlandet. No foreslår regjeringa tilpassingar i opplæringslova for at det skal bli enklare for kommunane å busette fleire familiar med barn.

Publisert 07.04.2022

Barn som kjem til Norge, skal få eit opplæringstilbod så raskt som mogleg. Det inneber at kommunane skal starte med å gje eit skuletilbod til elevane, sjølv om dei ikkje umiddelbart kan tilby eit fullverdig tilbod. Etter dagens reglar skal eit slik tilbod vere fullverdig innan éin månad. No foreslår regjeringa å auke fristen til tre månadar. Dette skal gjere det mogleg for kommunane å ta imot fleire flyktningar på ein gong. Kommunane har likevel plikt til å gje eit fullverdig tilbod så raskt som mogleg. Regjeringa sender no forslaget om slike tilpassingar i lovverket på høyring.

Du kan lese meir om dette i pressemeldinga frå regjeringa, og på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.