Tilsynsaktivitet på barnehage- og opplæringsområdet i 2022

Statsforvaltaren i Vestland har som oppgåve å føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit og kommunen som skuleeigar. I 2022 har vi gjennomført 28 tilsyn. 

Publisert 20.12.2022

Statsforvaltaren vel kommune og tema på bakgrunn av ei risikovurdering. I 2022 har vi ført tilsyn med følgande tema:

  • Spesialundervisning
  • Eleven sitt utbytte av opplæringa
  • Alternativ opplæringsarena
  • Skulemiljø
  • Grunnskuleopplæring for vaksne
  • Spesialpedagogisk hjelp
  • Individuell tilrettelegging i barnehage
  • Skulebasert vurdering
  • Gratisprinsippet i skulen
  • Meldeplikt til barnevernet
  • Introduksjonsprogrammet

I alle tilsyna vi har gjennomført har vi funne brot på regelverket. Når Statsforvaltaren finn at kommunen ikkje har ein lovleg praksis blir dei pålagde å endre denne praksisen. Alle tilsynsrapportane er offentlege og blir lagt ut på i den nasjonale tilsynskalenderen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.