Mellombels tilskotsordning for frittståande skular i samband med virusutbrotet

Utdanningsdirektoratet opprettar ei tilskotsordning for å stimulere til innkjøp av digitalt utstyr, infrastruktur, fellesløysingar og digitale læremiddel.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.09.2020

Det må sendast inn søknad for å få midlar frå ordninga, og gjennom denne skal skulane stadfeste at dei aksepterer og oppfyller vilkåra for tilskotet. Tilskotsordninga blir kunngjort så snart retningslinjer for ordninga er fastsett av Kunnskapsdepartementet, truleg i oktober 2020.

For ytterlegare informasjon viser vi til Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.