Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Barnehagar og skular må vere budde på endringar i smittevernnivå

I tråd med smittevernrettleiarane for barnehage og skule må barnehage- og skuleeigarar vere best mogleg førebudd på endringar mellom raudt og gult nivå.

Publisert 19.01.2021

Erfaring viser at utviklinga i smittesituasjonen kan endre seg raskt, og barnehage- og skuleeigarar må derfor førebu seg på, og legge planar for, at nasjonale og lokale smitteverntiltak kan setjast i verk på kort varsel. Kommunane bør også utarbeide rutinar for korleis informasjon om nye tiltak og endring av tiltaksnivå skal distribuerast raskast mogleg til aktørar som har ansvar for å gjennomføre tiltaka, eller som er påverka av tiltaka.

For meir informasjon kan du sjå brevet frå Helsedirektoratet, FHI, Bufdir og Udir i høgre marg. Du finn og meir informasjon om koronatiltaka i barnehage og skule på Udir sine nettsider.