Vedtak om tilbakebetaling av kommunalt tilskot vert oppheva

Fylkesmannen i Vestland har oppheva Austevoll kommune sitt vedtak om at Eventus Sol-li barnehage AS må betale tilbake kr. 1 417 544 til kommunen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.11.2020

I januar 2020 mottok Fylkesmannen ei klagesak om tilbakebetaling av kommunalt tilskot. Klaga omhandla Eventus Sol-li barnehage AS, der Austevoll kommune etter økonomisk tilsyn hadde gjort vedtak om tilbakebetaling av kommunalt tilskot på kr. 1 417 544. Vi har no behandla klaga, og oppheva kommunen sitt vedtak. Tilbakebetalingskravet fell dermed bort.

Saka er behandla etter barnehagelova § 14 a, der det går fram at offentleg tilskot skal kome barna i barnehagen til gode. Barnehagen kan ha eit rimeleg årsresultat, men dette inneber at tre vilkår må vere oppfylt:

«a) barnehagen kan bare belastes kostnader som direkte vedrører godkjent drift av barnehagen,

b) barnehagen kan ikke overfor eier eller eiers nærstående eller selskap i samme konsern som eier foreta transaksjoner og belastes kostnader på vilkår eller med beløp som avviker fra eller overstiger det som ville vært fastsatt mellom uavhengige parter, og

c) barnehagen kan ikke ha vesentlig lavere personalkostnad per heltidsplass enn det som er vanlig i tilsvarende kommunale barnehager».

Austevoll kommune opna tilsyn med barnehagen på bakgrunn av ein rapport frå Kunnskapsdepartementet om regulering av private barnehagar. Saka er vurdert etter bokstav a og b. I tilsynet konkluderte kommunen med at barnehagen måtte betale tilbake offentlege midlar. I klagebehandlinga har Fylkesmannen mellom anna kome til at Austevoll kommune ikkje har tilstrekkeleg grunngjeve kvifor barnehagen ikkje hadde brukt tilskotet i tråd med lova, og dermed ikkje hadde eit rimeleg årsresultat i 2016 og 2017.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.